100 Liv Rygh-produksjonar ut til publikum på gamle Fagernes jernbanestasjon

På Fagernes stasjon: Liv Rygh ønskjer publikum velkomen til salsutstilling på Fagernes stasjon - i lokalet som ein gong var endestasjon på Valdresbanen.

På Fagernes stasjon: Liv Rygh ønskjer publikum velkomen til salsutstilling på Fagernes stasjon - i lokalet som ein gong var endestasjon på Valdresbanen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I løpet av dei 12 nærmaste dagane har du ein unik sjanse til å sikre dei eit av Liv Rygh sine bilde til sterkt redusert pris.

DEL

Fagernes: Det skjer i dei gamle stasjonslokala på Fagernes stasjon, der Galleri Perrongen tidlegare heldt til. Ikkje mindre enn hundre bilde vil bli lagt ut for sal.

Rabatten vil ligge på mellom 50 og 70 prosent.

Galleri Perrongen er lagt ned, men Liv Rygh har fått sjansen til å leige lokalet i fjorten dagar av dei nye eigarane, Den Norske Ballettskole & Akademi.

Utstillinga opnar laurdag den 27. april og vil vera open til og med onsdag 8. mai.


Ut til folket

- Det er i kunstnarkretsar litt "fyfy" å legge ut bilde til redusert pris, men eg har valt å gjera det lell. Eg har ikkje vore så flink til å selja ettersom eg ikkje har noko eige galleri der eg kan selja mine ting. No har eg lyst til å få unna ting som eg har på lager.

Ho synest det er betre at folk får bilda hennar til ein redusert pris enn at dei skal ligge på lager.

- Ved å selja dei ut får eg rydda meg plass både fysisk og mentalt. Då får eg plass til nye ting, seier Fagernes-kunstnaren, som er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og Rijksakademiet i Amsterdam.

Etter at ho slutta som grafikar i avisa Valdres i 2012, har ho mykje av tida vore kunstnar på heiltid.


Stort og fargerikt

Salsutstillinga på Fagernes vil vera open kvar dag i utstillingsperioden, fire timar midt på dagen.

Under utstillinga får publikum høve til både å sjå og kjøpe grafikk, måleri og trykk. Og utvalet er så stort at ho også har teke i bruk kontoret og pakkhuset i gamle stasjonen til utstillinga. Under


I pakkhuset: Pakkhuset er også teke i bruk under utstillinga.

I pakkhuset: Pakkhuset er også teke i bruk under utstillinga. Foto:

utstillinga blir det også høve til å slå av ein prat med kunstnaren sjølv.

- Eg vil vera til stades under heile utstillinga, og i ledige stunder vil eg stå i lokalet og arbeide med nye bilde, seier Rygh.

Sel frå veggen

- Under kunstutstillinga vil eg "selja frå veggen". Det betyr at folk som kjøper eit bilde, må ta det med seg, seier


Inviterer: Liv Rygh inviterer til kunstutstilling på Fagernes. *** Local Caption *** .

Inviterer: Liv Rygh inviterer til kunstutstilling på Fagernes. *** Local Caption *** . Foto:

Liv Rygh, som går ein travel sommar i møte. Ho skal nemleg laga ny kunst til tre utstillingar som er booka inn til no.

Den fyrste utstillinga går av stabelen i Galleri Fjordheim på Biri i juni. I slutten av juli skal ho ha utstilling i Galleri Jøtun på Skammestein, og i slutten av november står Kunstbanken på Hamar for tur.





Artikkeltags