Mange gode tiltak for trivsel

Tilgjengeleg: Helserådgjevar Toril Olvik er tilgjengeleg for vidaregåande-elevane.

Tilgjengeleg: Helserådgjevar Toril Olvik er tilgjengeleg for vidaregåande-elevane. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Leira: Valdres vidaregåande skule har innført ei rekkje trivselstiltak. Det skal både auke trivselen for alle på skulen, og motverke mobbing og andre problem for den einskilde.

Helserådgjevar Toril Olvik nemner handlingsplan mot mobbing, temadagar og føredrag med fokus på psykisk helse og ulike former for samtalar. Ikkje minst trekkjer ho fram Ung i Valdres. Ung i Valdres tilbyr aktivitetar som Fjelleik, fotokurs, dansegruppe og mekkeverkstad. Kvart år blir det også sett opp ein musikal, noko som ifølgje Olvik gjev positive ringverknader. – Vi ser elevar vi veit har hatt det vanskeleg stå der på ei scene, og dei har hatt ein utruleg vekst. Gjennom Ung i Valdres kan mange som er stille og forsiktige bli med i aktivitetar med andre, noko som igjen har gode ringverknader med at dei trivst betre på skulen, seier Olvik. Dei siste åra har ho møtt fleire elevar som slit, men meiner det også kan handle om lågare terskel for å be om hjelp.

Artikkeltags