Song og spelte jula inn

Ljomande song: Tingnes barnekor i samsong med Nord-Aurdal sanglag, med barnekordirigent Silje Vadla Ulberg og akkompagnatør Inger Magerøy fremst.

Ljomande song: Tingnes barnekor i samsong med Nord-Aurdal sanglag, med barnekordirigent Silje Vadla Ulberg og akkompagnatør Inger Magerøy fremst.

Tingnes menighetsråd skapte god musikalsk førjulsstemning ved å mønstre heile tre brassband og to songkor då jula vart spelt inn i Tingnes kirke søndag ettermiddag.

DEL

Fagernes: Valdres Brassband under sin dirigent Philip Hannevik starta konsertkvelden ved å spele introduksjonsnummeret «Göta» før Kaja Funder Idstad slapp til som solist på kornett med «I'd rather have Jesus».

Ein lys tanke

Dagens andre solist var Anne Heidi Kvam Hillestad i eit songnummer til spesialskriven låt av Ørnulf Juvkam Dyve, «Ein lys tanke».

Renate Tuveng var den tredje solisten, på soprankornett, i nummeret «On with the Motley». Valdres Brassband avslutta sin sekvens med avslutningsnummeret «Christmas Joy».

Rekruttering

Det gror godt i fotspora til Valdres Brassband, som denne kvelden også kunne mønstre eit juniororkester og eit yngre rekruttorkester.

Kaja Funder Idstad er dirigent for hovudkorpset i junioravdelinga mens Bjørn Magne Nyhagen dirigerer aspirantane.

Flott barnekor

Silje Vadla Ulberg har teke over Tingnes Barnekor og dei song av hjartans lyst.

«Mary's boychild» i norsk versjon var opningsnummer før dei avslutta sin del i samsong med Nord-Aurdal sanglag i «En stjerne skinner i natt»

Nord-Aurdal sanglag under dirigent Inge Dahl avslutta konserten med vakker song, og dei får vi høyre meir av i konsert i same kyrkje vesle julaftan.


Artikkeltags