VALDRES: «Hey! Mr Tambourine man» – på Valdres-vis. Bob Dylan måtte ha hatt spelemannen Jørn Hilme og fela hans, Garlistuten, i tankane då han laga denne songen. Det meiner Olav Norheim, forfattar av boka om denne segnomsuste fela – og spelemannen. Boka handlar om fela frå 1761, som kom til Valdres, som vart borte i USA, som vart attfunnen, som kom heim til Valdres og møtte ein ublid skjebne på Fagernes i 1965.

Norheim har forsiktig omsett teksten slik han meiner den kunne vore tenkt.

Lars Skattebu og Caroline Eugenie Synvis framførte låta framfor minnesteinen etter Jørn Hilme i samband med boklanseringa nyleg.

Høyre songen på video nederst i saken: