Ny kvinnebølgje er i gang

Ny bok: Hedda Lingaas Fossum med boka Ulyd under boksleppet i Oslo nyleg.Foto: Privat

Ny bok: Hedda Lingaas Fossum med boka Ulyd under boksleppet i Oslo nyleg.Foto: Privat

Artikkelen er over 1 år gammel

Interessert i kvinners plass i samfunnet?

DEL

Oslo: Då må du skaffe deg boka Ulyd. Ho er ei av haustens mest omtala og interessante essaysamlingar, og er redigert av Hedda Lingaas Fossum.

30-åringen frå Fagernes, som er busett i Oslo, fortel at ho i fjor som dåverande redaktør i bladet Fett vart spurd av Cappelen Damm om å laga ein feministisk antologi der ho samlar unge skribentar som kunne skrive om feminismen i dag. Formålet er å vise korleis feministisk tankegods kjem til syne i samtidas litteratur, kunst og kulturkritikk og å finne ut korleis feministisk tankegods kan endre måten vi lever på i dag.

Ho inviterte 12 av Skandinavias mest spennande unge forfattarar og kunstnarar til skrive i boka.

Metoo og Donald Trump

Boka er svært aktuell ettersom ho kjem ut i forholdsvis kort tid etter metoo og innsettinga av Donald Trump som president, men også fordi ho er del av ei ny feministisk bølgje.

-Dei siste åra har vi sett framveksten av eit stort feministisk engasjement i mange land – i Norge frå 2014, året då reservasjonsretten i abortspørsmålet vart sett på prøve og det var rekordoppslutning på 8. mars. Vi har sett ei oppvakning i Sør-Amerika, Polen, USA og Iran. Vi ser det også i populærkulturen, der mange popstjernene no kallar seg for feministar, seier Lingaas Fossum.

– Kva ligg bak engasjementet?

– Kvinnemarsjen etter innsettinga av Trump som USAs president er det største. Metoo-kampanjen kom litt etter at vi var i gang med prosjektet, men har likevel vorte tema i boka.

Ikkje alt går i rett lei

– Er det nødvendig med eit nytt feministisk engasjement?

-Mange er oppdregne med at det meste er oppnådd når det gjeld likestilling. I dei siste åra har vi sett at ikkje alt går i rett lei. Abortrettar er under angrep i USA og Sør-Amerika. I tillegg har temaet seksuell trakassering kome fram. Forfattarane i boka er opptekne av å utforske den feministiske kulturen og beskrive oppveksten i ein kultur og ei historie veldig dominert av menn.

Trumps kvinneforakt

– Har Donald Trump sett ekstra fart i engasjementet?

– Ja, definitivt. Donald Trump viser stor kvinneforakt, men vart likevel vald til president i verdas mektigaste land. 53 prosent av kvite amerikanske kvinner stemte på han. Det seier noko om kvinners plass i samfunnet. Han har varsla og gjennomført fleire ting som går ut over kvinners rettar og utnemner konservative høgsterettsdommarar. Det kan bli farleg for abortrettane.

"Donald Trump viser stor kvinneforakt, men vart likevel vald til president å verdas mektigaste land.

Mange er også redde for at hans høgrepopulisme kan verke oppmuntrande på høgreekstremistar, som ikkje er spesielt glade i kvinners rettar.

– Det er stor interesse rundt boka i media?

– Ja, vi har fått ein del omtale fordi vi har flinke bidragsytarar. Ei av dei, Mari Kjos Fonn, har ei sterk, personleg historie å fortelja og er også kjend for den nyleg utkomne og kritikarroste boka «Kinderwhore». Ulyd er elles ei interessant blanding av litteratur, politikk, kunst og personlege erfaringar.

– Mange har ikkje lyst til å høyre om ubehagelege ting, men det må til dersom vi skal

skal kunna endre samfunnet til noko betre, seier Hedda Lingaas Fossum, som no arbeider som redaksjonssekretær i Klassekampens debattredaksjon.


Artikkeltags