Mobiltelefonen er farleg - vi er i ferd med å risikere helsa til våre barn, barnebarn og barnebarns barn

Veit for lite: Folk veit for lite om strålingsfare. Sissel Halmøy i Folkets Strålevern arbeider med folkeopplysning innanfor feltet.

Veit for lite: Folk veit for lite om strålingsfare. Sissel Halmøy i Folkets Strålevern arbeider med folkeopplysning innanfor feltet.

– Folk utsett seg i dag for ei astronomisk strålingseksponering.

DEL

Det seier Olle Johansson, professor emeritus ved Karolinksa Institittet i Sverige og ein av verdas fremste forskarar innan strålingsproblematikk. I går heldt han eit skremmande, interessant foredrag under eit folkemøte i rådhuset på Fagernes for 60 frammøtte valdrisar.

Noko som rammar dei fleste, er stråling frå mobiltelefonar og trådlause nettverk.

– Vi er i ferd med å risikere helsa til våre barn, barnebarn og barnebarns barn, sa Johansson og viste til at stråling er kreftframkallande. Alt i 2001 karakteriserte Verdas helseorganisasjon magnetiske kraftfelt for kreftframkallande. I 2011 gav Europarådet melding om at ein bør forby mobiltelefonar og trådlause nett i skular.

– Vi beskyttar våre barn med på hjelmar og vestar, men ikkje mot strålingsfaren, sa Johansson, som også peika på amerikansk forsking som viser at stråling framkallar både hjerteproblem og hjernesvulstar.

Ifølgje Jonasson er det påvist aukande problem med astma og allergi.

Spermkvalitet og arvestoff

– Ein annan konsekvens er atspermkvaliteten hos menn i Europa har gått veldig ned. Gjer vi ikkje noko, vil den femte generasjonen framom oss betale ein forferdeleg pris, sa Johansson.

Eit forsøk som vart gjort med ei gravid kvinne er også alarmerande. Eit foster som vart eksponert for stråling frå mobilen fekk stressa hjerteaktivitet. Forsøk med blåtannfrekvens på rotter i 45 minutt, førte til at dei fekk dårleg hukommelse og konsentrasjon.

Kommentarar frå svenske l – Det ikkje for ingen ting at kinesarane har begynt å beskytte ungdommen mot stråling. Kinesarane vil jo ha dei skarpaste hjernane i kampen om verdsherredømmet, sa Johansson.

Andre konsekvensar er skadar på arvemasse og DNA-molekylet. Ein annan konsekvens er resistens mot antibiotika.

For mange år sidan brukte av Expressen fyrstesida på å marknadsføre ein nalle (mobiltelefon) til ein eittåring.

– Vi kunne gjerne gitt barnet formalin, sa Johansson. Eit stikkord er derfor opplysning.

Kontor over trafokiosk

Sissel Halmøy er sivilingeniør og generalsekretær i Folkets Strålevern, som driv med opplysning.

– Eg er ikkje redd for teknologi, men vi må ikkje gløyme at folk ikkje skal bli sjuke, sa Halmøy som før har jobba med å utvikle sensorar til pingvinrakettar og installasjonar i oljeindustrien. Sjølv vart ho alvorleg sjuk for mange år sidan. Det viste seg at ho hadde kontor oppå ein trafokiosk. Dette var med på å gjera henne bevisst overfor farane ved stråling.

For høg grense

– I dag er mange familiar på flyttefot vekk frå strålande nettverk og mobilmaster, sa Halmøy, som peika på at strålegrensa til ICNIRP, den internasjonale strålevernorganisasjonen er sett alt for høgt med 10 millionar mikrowatt. I Brussel er grensa 24.000 mikrowatt. Folkets strålevern vil ha ei grense på 10.

Folkemøtet på Fagernes vart arrangert av Aktuelt Forum - Valdres.

Du kan lesa meir om strålevern på blant anna www.folkets-stralevern.no, www.folkets-stralevern.se og www.dsa.no.



Artikkeltags