NAUS er ein ny skule med trådlaust nett - er det helsefarleg?

Trådlaust: NAUS er ein heilt ny skule, som har trådlaust nett.

Trådlaust: NAUS er ein heilt ny skule, som har trådlaust nett.

Europarådet åtvara alt i 2011 mot trådlause nett i skulane, men nye Nord-Aurdal ungdomsskule er bygd med trådlaust nett.

DEL

Det kom fram under møtet på Fagernes torsdag kveld.

Olle Johansson sa at undersøkingar viser at det er ein stigande tendens at ungane har problem med å lære, hugsar dårleg og har svekte motoriske evner.

Lærarar med hovudpine

Sissel Halmøy viste til at mange lærarar i dag har hovudpine og at mange elevar knaskar smertestillande. Mange klasserom der det er trådlaust nett og lov for elevane å ha mobiltelefonar blir dei reinaste strålingssentralane.

– Det burde vera kabel i staden for trådlaust nett i alle klasserom sjølv om det er billigare med trådlaus ruter, sa Halmøy.

– Det er korrekt at det er trådlaust nett på NAUS, seier rådmann i Nord-Aurdal, Kristian Damstuen.

Bastante konklusjonar

– Forsking viser at trådlaust nett har helseskadeleg effekt, og Europarådet har frårådd trådlaust nett på skulane. Vurderte de dei helseskadelege effektane ved trådlaust nett?

– Nei, vi gjorde ikkje det, og eg vil gjerne sjå forskinga som er lagt til grunn før ein kjem med slike bastante konklusjonar. Men eg kjenner godt til at det i mange miljø er skepsis til elektromagnetisk stråling frå wifi og kraftlinjer, seier Damstuen, som opplyser at NAUS- elevane sine mobiltelefonar blir samla inn i eige webhotell.

På møtet åtvara elles både Johansson og Halmøy mot dei nye smartmålarane i sikringsskåp – og mot det nye 5G-nettet.

– Vi burde hoppe over 5G og i staden satse på fiber, sa Halmøy, som viste til at 5G-nettet vil krevja store mengder med strålande mobilmaster.


Artikkeltags