Gå til sidens hovedinnhold

Ny helsekost ved Skarpsno

Artikkelen er over 6 år gammel

Rett mat er kjelda til eit godt liv, trur dei som jobbar i den nye helsekostbutikken.

FAGERNES: – Eg vil stå utanfor kjedene. Da er eg ikkje forplikta til å ta inn varer som det ikkje går noko av her. Og så er det mykje artigare å stå fritt, seier Jon Holden.

Han har nettopp starta helsekostforretning ved Skarpsno på Fagernes.

Satsar munn til munn

Butikken ligg innanfor ei kvit og ganske anonym dør, nesten litt bortgøymd, langt frå næraste kjøpesenter. Men Holden er ikkje redd han vil tape kundar av den grunn.

– Vi satsar på at munn til munn-metoden blir den beste marknadsføringskanalalen vår. Dette er ein spesialbutikk, det finn folk, seier han.

Og det er helsekost i rette forstand. Dei satsar først og fremst på matvarer, forklarar Holden, og trekkjer særleg fram økologisk mjøl frå Hadeland, spelt og svedjerug. Så har dei mjuke ullvottar, og noko kosttilskot og kroppspleieprodukt. Nokre av hyllene står tomme.

– Vi har enno hyller som ikkje er fylt. Dei vil vi fylle med det publikum måtte ønske, seier Holden inviterande.

Mat som helsebot

Den gryande kremmaren driv som homeopat og psykoterapeut i tilstøytande lokale. For den som måtte lure, er dette også den same Jon Holden som hadde helsekostforretning på Fagernes for tretti år sidan. No prøvar han på ny, og han leikar ikkje butikk.

Han har skaffa to medhjelparar som har inngåande kunnskap om kombinasjonen mat og helse. Dagrunn Hålien har jobba med ernæring, og har ikkje minst sjølv fått merke verdien av helsekost.

– Eg har eti meg frisk sjølv, så eg veit kva mat gjer med kroppen. Eg held kroppen i sjakk med mat og ikkje medisinar, forklarar ho.

Turid Fossen Nysveen står ved sidan av, og kan skilte med lang erfaring innan ernæring, mellom anna som kjøkkensjef på Tonsåsen opptreningssenter.

Sjokolade til lyst

Butikklokalet ligg på om lag tjue kvadratmeter. Folk kjem og går.

– Er dette ein energidrikk? spør ein av kundane.

– Vel, det er ein tranebærdrikk, så han er sunn. Eg kan love at det er ingenting her som er fullt av tilsetningsstoff, svarar Holden.

Han seier han er spent no. Tilbakemeldingane har så langt vore positive, men han veit at han må vera tålmodig.

– Rom vart ikkje bygd på ein dag, minner han om.

Han fristar med ei sjokolade på disken. Ho kostar nesten åtti kroner. Tilgjengjeld er det berre naturlege søtingsstoff, kakaosirup og fruktsøtning. Helseeffekten er grei.

– Ho aukar blodsirkulasjonen og sexlysta, lovar butikkeigaren.