Valdres har snø nok til herlege skiturar

Artikkelen er over 3 år gammel

For den som likar å gå på ski er det flott både i og utanfor løyper mange stader i Valdres, trass i ein snøfattig og mild vinter så langt.

DEL

Valdres: Store delar av låglandet austafjells, også nede i dalane i Valdres, har fått ekstremt lite snø hittil i vinter.

Snø og skiføre til fjells
Til fjells er det likevel langt betre, sjølv om nokre skiløyper har isete og harde parti etter varmegrader og mykje vind, spesielt i desember.

Mange turar i januar
Utruleg fine skiturar har eg likevel hatt mange av no i januar, også utanfor løypene. Litt nysnø forrige helg, og 10-15 kuldegrader, har bidrege til ei ekstra herleg ramme om turane. Det er dessutan varsla litt meir snø i helga og i neste veke.

Store skilnader i vêr
Dei store mediene har torsdag overskrifter som "Svært glatte veier og fortau i Sør-Norge", men vi får fylle ut biletet med å fortelje at slik er det ikkje i vår del av Sør-Norge. Valdres har framleis (torsdag føremiddag) nesten ti kuldegrader, og utsikt til vinterlege tilhøve både i helga og vidare framover.

Klag ikke nede i dalene over mangel på snø og skiføre i fjellet.

Fritt etter Henrik Wergeland

Artikkeltags