Kven skal ta over klubba?

Etter at Kåre Helland trekker seg som ordførar i 2019, knyter det seg stor spenning til kven som skal over klubba i Sør-Aurdal.

DEL

Og det er ikkje utenkeleg at det blir ei kvinne.

Marit Hougsrud har nemleg sagt ja til nominasjonskomiteen til å vera Senterpartiet sin ordførarkandidat. Senterpartiet er det desidert størst partiet i Sør-Aurdal. Ved valet i 2015 gjorde partiet eit brakval og kom inn med 12 representantar, det historisk beste resultatet for partiet.

Arbeidarpartiet er det nest største partiet. Her er det klart at ordførarkandidat ved siste val og noverande varaordførar, Trine Adde Hansebakken, har sagt ja til å stille seg på Ap-lista på nytt.

I Høgre er Olav Kristian Huseby klar toppkandidat.

Hougsrud sa ja

– Etter at det i sommar vart klart at Kåre Helland ikkje ville stille på nytt, har vi jobba aktivt med å finne ein ny toppkandidat. Marit Hougsrud har no sagt ja til å stille på førsteplass, og ho blir den nye ordførarkandidatane til Senterpartiet, seier leiar i nominasjonskomiteen, Oddleiv Juvkam.

Han opplyser at nominasjonskomiteen vil legge fram ei unummerert liste med namn før jul. Denne vil så bli sendt ut på høyring til medlemmene i partiet, slik at dei kan koma med sine forslag.

Juvkam kan elles avsløre at om lag halvparten av dei 12 representantane i kommunestyret har sagt ja til å stille på nytt.

– Eg håpar at vi kan få til eit nominasjonsmøte i løpet av januar, seier Juvkam.

Møte i Ap. 24. november

Stig Solbrekken er leiar i nominasjonskomiteen i Sør-Aurdal Arbeidarparti.

– Vi skal ha nominasjonsmøte 24. november. Den 26. november vil lista vera klar, seier Solbrekken, som ikkje vil røpe namn på lista, bortsett frå at Trine Adde Hansebakken har sagt ja til å la seg renominerte.

Det er elles uklart om noverande gruppeleiar, Magne Damslora stiller på nytt.

– Det er mest sannsynleg at eg ikkje stiller på nytt, seier Damslora.

I Høgre er det klart at Olav Kristian Huseby stiller på nytt, og han avslører overfor avisa Valdres at han godt kan tenkje seg å bli ordførar. Magnhild Huseby Bolstad stiller også på nytt.

– Eg veit ikkje om eg stiller på nytt, eg er i tenkeboksen, seier Geir Ståle Bjørnstad i Frp.

«Grand old man» i kommunestyret, Elling Fekjær, seier til avisa Valdres at nye kostar bør sleppe til på Tverrpolitisk kommuneliste.


Artikkeltags