Mintest Erland Odden

Kommunestyret i Sør-Aurdal mintest tidlegare rådmann Erland Odden under møtet tysdag.

DEL

Sør-Aurdal: Ordførarar Kåre Helland opna møtet med å be om eit minutts stillheit for den tidlegare rådmannen, som døde 13. desember og som vart 60 år gammal.

– Sør-Aurdal har mykje å takke Erland Odden for, sa Helland, som viste til at Odden vart tilsett i kommunen i 1992 og at han var rådmann frå 2006 til 2016.

Elling Fekjær nemnde også Odden – i sitt innlegg under økonomidebatten.

La grunnlag for ryddig økonomi

– Det er veldig rart å snakke om budsjett og økonomiplan når Erland Odden ikkje er med oss lenger. Vi har mykje å takke han for, særskilt for den ryddige økonomien vi i dag har i kommunen. Eg har lyst til å seia dette til Erland Oddens minne, sa Fekjær, som er nestor blant kommunestyrerepresentantane og som ein periode også var varaordførar i Sør-Aurdal.

Fekjær skreiv laurdag også ei minneord om Odden i avisa.

Fornya administrasjonen

"Erland Odden var moderne i sin tenkning, samtidig som han så verdien i den kultur, den tradisjon og det fundament søraurdalssamfunnet er tuftet på. Han brant for å få kommunen vår videre ved å ta i bruk de muligheter og ressurser som er i hver bygd og Bagn som sentrum. Han så de muligheter som ligger i hele kommunen vår, og gjennom sin rådmannsgjerning lot han kommunen få utvikle seg til det beste for innbyggerne. Han fornyet administrasjonen, gav sine ledere og ansatte tillit og oss politikere gode og grundige svar – uansett hva vi spurte om, skriv Fekjær blant anna.

Erland Odden vart tilsett som økonomirådgjevar ved sosialkontoret i kommunen i 1992. Frå 1995 til 2006 vart han kontorsjef med ansvar for kommuneøkonomi og dermed tidlegare rådmann Ole Hermann Aamodts høgre hand. Før han vart rådmann 1. oktober 2006 var han også kommunalsjef og assisterande rådmann. I 2016 gjekk han over i ny stilling i IKT Valdres.

Han hadde også ei fortid som politikar. Frå 1991 til 1995 var han kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet.


Artikkeltags