Nei til riving av hus frå 1600-talet

Avslag: Erland Langødegård fekk avslag på sin anke. Han ønskjer å rive våningshuset og å flytte stabburet ned på staden der huset no står.

Avslag: Erland Langødegård fekk avslag på sin anke. Han ønskjer å rive våningshuset og å flytte stabburet ned på staden der huset no står.

Artikkelen er over 1 år gammel

Formannskapet i Sør-Aurdal sa tysdag nei til riving av eit gammalt hus på Leirskogen.

DEL

Leirskogen: Det dreier seg om eit gammalt våningshus der delar av bygningskroppen skal vera frå 1600-talet.

Formannskapet sa fyrst nei i juni. Etter dette vart det levert anke frå huseigar Erland Langødegård. Men formannskapet opprettheldt sitt tidlegare vedtak. Bakgrunnen er at Oppland fylkeskommune, ved kulturarveininga, har vurdert bygningen som verneverdig. Ei SEFRAK-registrering slår fast at det er to tømmerbygningar som er sette inn til kvarandre og at byggjeåret blir rekna til 1660.

Frustrert

– Eg blir litt frustrert over fylkeskommunen som berre avslår søknaden min. Eg kan jo ikkje berre la huset stå og forfalle. Fagfolk anslår at det blir 30 prosent dyrare å restaurere huset enn å setja opp eit nytt, seier Langødegård, som reknar med at det vil koste fem-seks millionar kroner å setja i stand eit hus som i verste fall vil bli ståande tomt. Det har han ikkje råd til.

Langødegård sjølv sette opp eit nytt hus lengre ned på 1990-talet. I dei siste fem åra har det ikkje budd folk permanent i det gamle huset.

– For meg er det ei skam at huset skal stå slik og forfalle, seier Langødegård. Huset har på kort sikt behov for takutbetringar og måling. Berre det åleine vil koste rundt 120.000.

Vil flytte stabburet

Langødegård ønskjer sjølv å fjerne huset og flytte stabburet ned på hustomta.

Stabburet, frå 1700-talet, står i dag mindre enn ein meter frå Leirskogvegen og er ein fare for trafikken, blant anna ved takras. Langødegård har fått eit hint om dette frå Statens vegvesen. Hittil har det gått bra fordi Langødegård sjølv har vore raskt på pletten og rydda vekk takras. Han meiner no at det viktigaste er å berge stabburet.

– Det blir påstått at våningshuset er frå 1660. Men kvar generasjon har endra det for å få det tidsmessig. Huset er truleg sett saman av tre hus, der eldste delen kan vera frå 1600-talet. Men slik det framstår, ser det ut som eit jævla makkverk. Det er dessutan bordsydd i 1911. Skal ein gjera det mogleg å bu i huset, vil ein ikkje sjå noko av det gamle huset.

– Eg veit ikkje kva eg skal gjera, eg må forhøyre meg med fylkeskommunen. Eg blir galen av å sjå at huset forfell, seier Langødegård, som reknar med at siste ord ikkje er sagt.

I formannskapet kom det fram at medlemmene har forståing for dilemmaet Langødegård er i, men at dei ikkje kunne gå imot tilrådinga frå fylket.

Forståing for eigaren

– Eg kjenner meg litt att, eg har fleire hus sjølv. Det er kostbart. Ein får ikkje att det det kostar å setja i stand slike hus. Kva er alternativet, å la det stå? Då dett det ned. Eg føler med eigaren, sa Marit Hougsrud (Sp).

– Eg er veldig einig. Det er ein klamp om foten å få eit slik signal og attpå til betala eigedomsskatt, sa ordførar Kåre Helland (Sp), mens Olav Kristian Huseby (H) peika på at det er vanskeleg å påleggje folk å reparere hus som er veldig dårlege.


Artikkeltags