Ap-nei til avhending av grendehus

Viktig funksjon: Arbeidarpartiet meiner at grendehuset på Leirskogen har ein viktig funksjon som samlingspunkt i bygda. Arkivfoto frå den tida det var barnehage der.foto: Trygve Lien

Viktig funksjon: Arbeidarpartiet meiner at grendehuset på Leirskogen har ein viktig funksjon som samlingspunkt i bygda. Arkivfoto frå den tida det var barnehage der.foto: Trygve Lien

Det kostar Sør-Aurdal kommune 80.000-85.000 kroner i året å eige og drifte grendehuset på Leirskogen.

DEL

Leirskogen: Til tysdagens budsjettmøte ligg det inne forslag om å avhende grendehuset.

I eit lesarinnlegg i laurdagens avis varslar Arbeidarpartiet no at dei vil gå imot dette forslaget.

– Sør-Aurdal Arbeiderparti ønskjer å stemme for vidare drift av grendehuset på Leirskogen, for å halde oppe tilbod i bygdene, skriv varaordførar Trine Adde Hansebakken.

Viktig for busetting

– Det er ein smerteterskel for kor små skular og barnehagar kan vera, men eit grendehus har ein heilt annan bruk og mulegheiter, skriv Adde Hansbekkaen, som viser til at grendehuset er eit viktig samlingspunkt, at det er mykje aktivitet i huset og at det blir lagt ned mykje frivillig arbeid der.

– For dei som bur på Leirskogen, kan grendehuset vera akkurat det som blir det tyngste loddet på vekta for at unge folk skal velja å busetta seg der, meiner Adde Hansebakken.

Protest frå bygdefolket

Den gamle skulebygningen på Leirskogen – bygd i 1975 – har vorte eit reint grendehus etter at skulen vart lagt ned tidleg på 1990-talet og barnehagedrifta vart avslutta i august 2015.

Kommunen ønskjer å avhende bygningen for å spara pengar, noko Leirskogen grendeutval har protestert kraftig på. Avisa Valdres har på denne bakgrunn bedt kommunen finne ut kva som er kommunen sine årlege kostnader for bygningen.

80.000 – 85.000

Rådmannen kan etter ein sjekk i administrasjonen ikkje legge fram eksakte kostnader for drifta av bygningen.

– Dette aktuelle bygget har ikkje ei eiga teneste i våre system så vi kan ikkje ta kostnadene detaljert ut, men sett nokre år tilbake i tid så har vi over nokre år hatt ein gjennomsnittleg kostnad på om lag 80.000-85.000 kroner eksklusive meirverdiavgift per år, skriv rådmann Haakon Boie Ludvigsen i eit e-postsvar til avisa. I denne summen er ikkje felles forvaltningskostnader rekna med.

Eit samlingspunkt

Heidi Øyhus Stensæter i Leirskogen grendeutval sa til avisa rett før helga at det blir vanskeleg å halde liv i bygda utan å ha ein plass der dei kan samlast.

Grendehuset er eit viktig samlingspunkt for dei 180 innbyggarane på Leirskogen.


Artikkeltags