Sa ja til bygging av Sør-Aurdalshallen

La fram: Harald Liodden la fram forslag om å avvise forslaget om å utvide ramma for Sør-Aurdalshallen, men fekk berre med seg tre representantar.

La fram: Harald Liodden la fram forslag om å avvise forslaget om å utvide ramma for Sør-Aurdalshallen, men fekk berre med seg tre representantar.

Kommunestyret sa i dag endeleg ja til bygging av Sør-Aurdalshallen.

DEL

Sør-Aurdal: Vedtaket, som inneber bygging for ei kostnadsramme på 159 millionar kroner, vart gjort mot stemmene til fire av representantane, alle frå Hedalen.

Harald Liodden (KrF) vart sterkt imot at ein skulle auke den tidlegare vedtekne kostnadsramma på 139,4 millionar kroner. Liodden meiner at dette vil ramme eldreomsorga, barnehagetilbod og skuletilboda i Begnadalen og Hedalen.

Liodden la fram dette forslaget:

"I respekt for KS-vedtak (30/16) om ei absolutt (ufravikelig) nettoramme på 89 mill. kroner (tilsvarer 139.4 mill. brutto), kan ikke planlagte hallprosjekt realiseres uten alvorlige konsekvenser for kommunens innbyggere i form av økt eiendomsskatt, redusert tilbud innen helse og omsorg, skole og barnehage. Dette vil igjen kunne få alvorlege konsekvenser for våre hjørnesteinsbedrifter, særlig i søndre delen av kommunen. Kommunestyret ber derfor administrasjonen om å utarbeide nye planer for hvordan et nybygg kan erstatte C-blokka på Bagn innenfor vedtatte absolutte økonomiske ramme".

Anne-Margrethe Wilter (Sp), Emmy Bakkom (KrF) og Svein Gunnar Huset (Sp) slutta seg til forslaget frå Liodden.


Fleirtalet slutt seg til forslaget frå rådmannen. Det inneber at prosjektet Sør-Aurdalshallen skal gjennomførast med bakgrunn i tidlegare vedteke romprogram, innanfor ei kostnadsramme på 159 millionar kroner. Den auka kostnadsramma skal finansierast med 3,6 millionar i tilbakeført moms, 7,0 millionar frå ubundne investeringsfond, 8,2 millionar frå disposisjonsfond og 0,8 millionar frå auka tippemiddeltilskot .

Kommunestyret slutta seg vidare til eit forslag frå Hans Erik Lybekk (Sp). Det inneber at det skal gjennomførast ei kostnadsutrekning på kostnader/drift. Ut frå dette skal det vurderast om svømmebassenget skal byggast i stål. Eventuell ekstrakostnad på ein million kroner skal dekkast inn frå disposisjonsfondet.

Det ligg an til byggjestart for Sør-Aurdalshallen i august, med ferdigstilling hausten 2019.

Artikkeltags