Plan for 225 hytter

Utbyggingsområde: Vestre del av planområdet med Blankenborg og Turibrøtasetra øvst til høgre – sett frå Bufarhallet. Grovkløv og Blomstølen i bakgrunnen – til venstre i bildet.

Utbyggingsområde: Vestre del av planområdet med Blankenborg og Turibrøtasetra øvst til høgre – sett frå Bufarhallet. Grovkløv og Blomstølen i bakgrunnen – til venstre i bildet.

Artikkelen er over 1 år gammel

Detaljreguleringsplanen for Ølnesseter-Grovkløv med ein del av Blomstølen er no lagt ut til offentleg ettersyn.

DEL

Sør-Aurdal: Formannskapet slutta seg til forslaget frå rådmannen på sitt siste møte 1. juni.

I det forslaget er det gjort små justeringar. I tillegg vart det vedteke å tilrå fjerning av tomtene BFF 32 nummer 10 og BFF 33 nummer 11 på grunn av graden av eksponering mot horisonten. I tillegg er tomtene BFF 116 nummer 1 og 2 tekne ut ettersom dei ikkje er ein naturleg del av eksisterande eller framtidig hytteområde.

225 hytter

Formålet med planframlegget er å legge til rette for 225 nye tomter for fritidsbusetnad med høg standard.

Planområdet grensar til reguleringsplanane for Blomstølen og Bønseter. Det ligg nord for Veståsevgen og blir avgrensa i nordaust mot Bønseter, mot eit LNF-område i aust og mot LNF-området ved Blomstølen i vest. Setrene Ølnesseter, Leiteseter, Blankenborg, Turibrøtaseter og Grovkløv ligg sentralt i området. Eit større hytteområde er utvikla nordaust i planområdet, og innimellom seterområda. Både nord og sør for desse er det bygd mange hytter opp gjennom åra.

Planområdet er delvis dagens regulerte område for Ølnessetrene hytteområde i tillegg til eit hytteområde søraust for dette.

Terrenget heller slakt oppover frå Veståsevegen mot setergrendene over ei strekning på 1,3–2,0 kilometer. Seterområda ligg på mellom 900 og 960 meter over havet.

Det er meldt om start på planarbeidet i to omgangar, for Ølnesseter-Grovkløv i 2016 og for Blomstølen i 2017.

I samband med planarbeidet er det kravd utarbeiding av konsekvensanalyse, noko forslagsstillarane har valt å gjera for heile området.

Arbeidet med planen er utført av landskapsarkitekt John Lie i samarbeid med tiltakshavarane. Det blir konkludert med at tiltaket ikkje har særlege negative verknader på miljø, naturressursar og samfunn.

2700 dekar

Heile planområdet er på om lag 2.700 dekar. Byggeområda med vegar og plassar er rekna til om lag 220 dekar. Ein del av planområdet omfattar også fortetting av område der det er bygd hytter frå rør.

Byggeområda for fritidsbustader utgjer 550 dekar. Av dette er arealet for ny fritidsbusetnad 280 dekar og eksisterande fritidsbusetnad på 270 derkar.

Regulerte landbruksområde omfattar 1636 dekar, seterområde 170 dekar, vegar og plassar omkring 160 dekar, skiløyper 60 dekar, og avløpsanlegg for reinsing og infiltrasjon 85 dekar. Andre formål som fritids- og turistformål, nærmiljøanlegg med akebakke og gapahukar, trafoområde, vassforsyningsanlegg, grønstruktur, og kombinerte formål legg beslag på i overkant av 20 dekar.

21 heimelshavarar

Heimelshavarane i planområdet er Håvard Kvaal, Jørn Cato Bøhn, Trond Milevasslien, Johan Kristiansen, Knut Erik Bjørklund, Doris og Einar Kihlen, Nils Andersen, Bente Tollefsen Moen, Inger og Andreas Råheim, Laila og Vemund Østgård, Ingunn Lybekk Bertelrud, Grovklev ved Gunnar Olsen, Anne Hjulstad, Kjetil Bollum, Heidi Bollum og Hanne Bekkevold, i tillegg til Harald Kamben og Ingar Rudi.


Artikkeltags