Tiande Dylanfestival

Klar for tiande festivalen: Terje Steinsrud har kledd seg opp til sin tradisjonsrike Dylanfestival på Beitostølen som byrjar 6. september.

Klar for tiande festivalen: Terje Steinsrud har kledd seg opp til sin tradisjonsrike Dylanfestival på Beitostølen som byrjar 6. september. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Festivalgeneral og Dylanentusiast Terje Steinsrud gjer seg no klar til jubileumsfestival på Beitostølen som byrjar 6. september.

DEL

Beitostølen: Festivalgeneral og Dylanentusiast Terje Steinsrud gjer seg no klar til jubileumsfestival som byrjar 6. september.

– Det er moro at det allereie er tiande gongen vi dreg i gang festivalen, seier Steinsrud. – I år har vi Elliot Murphy på besøk pluss mange fleire artistar. Murphy har blant anna spelt med Springsteen fleire gonger på den siste turneen og vi er glade for at han kjem tilbake til oss.– Gjennom åra har vi fått mange trufaste gjester og eg meiner at Dylan er like aktuell som han var for 30 år sidan. Musikken lever vidare og han er framleis ei inspirasjonskjelde for mange musikarar.

Radisson Blu er allereie fullbooka så nye gjester må ty til hytter eller Bergo Hotell.

– Vi har hatt bra sal den helga og vi ser at mange kjem tilbake år etter år. No når det er tiårs jubileum er det venta endå fleire gjester enn vanleg. Ved sidan av Elliot Murphy kan publikum med anna få oppleva Tom Roger Aadland, Silje Karlsen og Bob Band.

Artikkeltags