Fleire ulykker, og fleire blir skadde i trafikken

Farlig: Det er ikkje farefritt å ferdast i trafikken. I 2018 vart 45 skadde i trafikken i Valdres.

Farlig: Det er ikkje farefritt å ferdast i trafikken. I 2018 vart 45 skadde i trafikken i Valdres. Foto:

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på drepne i trafikken går ned, men antal ulykker går opp.

DEL

Vald­res: Det gjer også ta­let på per­so­nar som ska­der seg i tra­fik­ken. I 2015 døde to per­so­nar et­ter tra­fikk­ulyk­ker på ve­ga­ne i Valdres. Året et­ter, i 2016, steig ta­let på tra­fikk­of­fer til tre. Beg­ge dei to døds­fal­la i 2016 var i Sør-Aurdal, mens dei tre døds­fal­la i 2016 var for­delt på Vest­re Slidre, Øyst­re Slidre og Vang.

Men i lø­pet av 2017 og 2018 vart det ik­kje meldt om døds­fall i vald­res­tra­fik­ken.

Fleire trafikkulykker

Ta­let på tra­fikk­ulyk­ker går der­imot opp. I 2014 vart det re­gist­rert 27 ulyk­ker, mens det i 2016 var 20. I 2018 steig ta­let til 32.

Antal skad­de går også opp og har frå 2016 vist ein sti­gan­de ten­dens. 45 per­so­nar vart skjedde i tra­fik­ken i Vald­res, i 2018, 19 av dei i Nord-Aurdal. Nord-Aurdal er også den kom­mu­nen som har flest tra­fikk­ulyk­ker.

Antal ulyk­ker

Kom­mu­ne20142015201620172018
Sør-Aurdal64347
Et­ne­dal21323
Nord-Aurdal7108412
Vest­re Slidre43506
Øyst­re Slidre52432
Vang30342
Vald­res2720261832

Antal skad­de i tra­fik­ken

Kom­mu­ne20142015201620172018
Sør-Aurdal75469
Et­ne­dal31463
Nord-Aurdal914101019
Vest­re Slidre66408
Øyst­re Slidre64463
Vang50263
Vald­res3630283445


Artikkeltags