Røn: Utforkjøringa skjedde rett nord for avkjøringa til Øvre Røn i 18-tida på kvelden.

Vogntoget var på tur nordover då uhellet skjedde. Politiet var på staden og dirigerte trafikken.

Bergingsselskapet Falck vart tilkalla og var raskt på staden for å dra vogntoget opp på vegen att.

Uhellet skjedde i ei slak kurve der vegen var svært smal.

Det har vore betre føre denne helga og få utforkjøringar. Førre helg var det vanskeleg bilføre, og bergingsselskapa i Valdres måtte berge 65 vogntog på tre døgn.