Eg viser fyrst til innlegg i avisa Valdres 30. des. 2014. Fram tamreinlag fekk ikkje felle ulv, sjølv om den hadde drepe 35 rein. Dette på grunn av det var i romjula. Dette viser kor heilag ulven er i forhold til andre dyr. Ulven skulle vist nok ha fred i jula. Men skulle ikkje reinen ha fred også? Eller har ikkje reinen følelsar? Eller er det at den høyrer ikkje til blant dei heilage dyra ? Det vart funne to daude rein til, Dette viser at ulven er ein lystmordar, han drep ikkje berre for å få mat, og det er nok ikkje for ingen ting at den vert kalla gråbein. Dette namnet ber den nok med rette.

I avisa Valdres 3 jan. stod det at ulven vart skoten ved Fullsen onsdag. Det var veldig bra og ein får håpe at det ikkje er fleire gråbeinar der, dette med tanke på alle husdyra som skal beite der til sumaren. Det er ingen husdyr som er trygge for gråbein, heller ikkje menneske. Ein ulveekspert i Canada skriv at ulven kan verta farleg for menneske når den oppdagar at menneska ikkje gjer den nokon skade. Når ulven er totalfreda vil den oppdage fort at menneska ikkje er farlege. Då vi den angripe barn og svake grupper som handikappa, den vil også fort finne ut at desse gruppene er eit lett bytte. Dette skriv ein rovdyrekspert frå Canada. Eg har lese om at den amerikanske prærieulven var den mest snillaste av alle ulveraser, men for nokre år sidan vart ei kvinne angrepen av ein slik ulv og delvis oppeten.

Den Skandinaviske ulven vart utrydda i Norge mellom 1880 og 1890. Fyrst på I970 -talet var det att berre ein einsleg hannulv i Sverige. Ulven i Sverige og Norge er russisk ulv som er importert og utsett ulovleg eller det er blanding av ulv og hund, det vil seia bastard som går i svenske og norske skogar. Den russiske ulverasa er den farligaste ulven i heile verda. Vi i FNR meiner vi har rett til å få sendt genprøver av den felte ulven til professor Hans Ellegren på Universitetet i Uppsala i Sverige. Eg ventar å få svar frå fylkespolitikarane om kvar dei står hen i denne saka.