Kan gje oss tankevekkarar

Til Fagernes: Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle kjem til ope møte på Nord-Aurdal Folkebibliotek på Fagernes torsdag.

Til Fagernes: Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle kjem til ope møte på Nord-Aurdal Folkebibliotek på Fagernes torsdag.

Artikkelen er over 1 år gammel

Harald Stanghelle er meiningsberar nummer ein i Norge. Torsdag kjem han til Valdres.

DEL


Valdres: – Det er kjempeflott at vi får ein slik kapasitet til Valdres, seier redaktør i avisa Valdres, Torbjørn Moen.

Moen har meir enn nokon andre kjent valdressamfunnet på pulsen, ettersom han i 23 år har redigert debatt og kronikkspaltene i avisa.

No inviterer avisa saman med Nord-Aurdal Mållag, Valdres vidaregåande skule og Nord-Aurdal folkebibliotek til debatt rundt temaet demokrati og debatt. Dei har gjennom fem-seks år sett temaet på dagsordenen ved å invitere til ein årleg kronikkonkurranse.

I tillegg til Stangehelle stiller Jan Henrik Bakke, rektor ved Sør-Aurdal ungdomskole, og vidaregåandeelevane Sara Ingebjørg Sørengen og Mina Kulterud med innlegg.

Skapar gode samfunn


– Debatt er grepa viktig. Den er viktig for politikarane og for demokratiet. Den er viktig for at vi får sett saker på dagsordenen. Den bidreg til å skapa gode samfunn. Den frie debatten er også viktig både før og under offentleg saksbehandling, seier Moen.

– Men var debattengasjementet større før?

– Det har alltid vore debattglød i Valdres. Vi ser kanskje litt endring. Eg opplevde at vi nådde debattoppen under EU-striden og tilsvarande under debatten om kommunesamanslåing, seier Moen, som opplever at debatten har endra seg ein god del på grunn av den teknologiske utvikling som har ført til at folk i dag har mange kanalar å diskutere i.

– Men er det ikkje like bra at folk ytrar seg i sosiale medium?

– Fordelen med at debatten går i avisene, er at ein når ut til fleire.


Vil ha med dei unge

– Er tilgangen på kronikkskribentar god nok?

– Vi har ein kjerne av dyktige, engasjerte kronikkskribentar. Men eg skulle gjerne sett at vi femna endå breiare, spesielt blant dei yngre. Mange av dei yngre brenn for ting som vi eldre ikkje har engasjement for. Vi treng påfyll. For oss og valdressamfunnet er det viktig å få fleire til å skrive. Eg veit jo at vi har mange fantastisk flinke ungdommar. Sjå berre på det store engasjementet rundt «Ung i Valdres» og den årlege musikalen, seier Moen.

– Det er viktig å få sett søkjelyset på andre saker enn kommunestruktur og vegutbygging, seier Moen, som gler seg til å høyre Stanghelle på Fagernes – ein rutinert pressemann, som no er ein «Frikar» i Aftenposten-systemet.


Redusert fartsgrense

Knut Aastad Bråten meiner at debatten er for saktegåande.

– Eg føler nok at vi ruslar rundt i 60 kilometer i timen, seier Aastad Bråten. Han er sjølv med på å setja dagsorden i det norske samfunnet, som redaktør av tidsskriftet Syn og Segn. I denne samanhengen er han mållaget sin representant og dessutan initiativtakar til kronikkonkurransen som er sett i gang.

– Debattgløden svingar veldig. Kommunesamanslåing og rovdyr engasjerer folk – og til dels innvandring. Utfordringane er knytte til det å meine noko om samfunnet i sin heilskap. Politisk engasjementet knytt til val er dalande. Valdeltakinga til ungdom mellom 18.og 25 år er låg. Det er viktig å halde gløden oppe.


Det kokar på nettet


– Men de viser til at det kokar på sosiale medium?

– Sosiale er ein frigjerande arena, eit lågterskeltilbod. Men mange tenkjer at det er ei privat leikegrind. Strengt talt er det ein offentleg arena. Men det burde følgje med skikk- og brukreglar. Generelt trur eg at avisene og sosiale medium kan utfylle kvarandre, seier Aastad Bråten, som trur at Stanghelle kan gje oss gode tankevekkarar.

– Det er veldig fint at demokrati og debatt kan bli eit tema også på Valdres vidaregåande skule. Det er viktig at dei unge får får forståing for at dei har noko dei skulle ha sagt, at det betyr noko at dei engasjerer seg. Mange unge føler at dei er litt på sidelinja og ikkje blir lytta til. Politikk og demokrati har liksom ikkje noko med dei å gjera. Det er viktig at vi får fram saker som er relaterte til deira eige liv. Unge stemmer må koma inn og bidra i samfunnsdebatten. Det er jo dei unge som skal arve jorda, seier Moe Westgård.

Møtet er i Nord-Aurdal bibliotek i kulturhuset på Fagernes.

Harald Stanghelle



  • Fødd i Vaksdal i 1956, son av ein landhandlar.
  • Medlem av Unge Høgre 1969–1975. Redaktør av Vaksdals-Nytt som 19-åring.
  • Har vore journalist i Dag og Tid, Arbeiderbladet og Aftenposten.
  • Tidlegare sjefredaktør i Dagbladet, seinare politisk redaktør og redaktør i Aftenposten. Leiar i Norsk Redaktørforening.
  • Gift med Anne Lieungh, barnebarnet til Einar Gerhardsen.






Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags