Kaldt – men variert med snø

Vinterstemning: Kuldegrader og rikeleg med snø har gjeve ein flott vinter for dei som er glade i å vera ute på ski. Her frå Skrautvålsåsen, der Leirin skiløyper syter for velpreparerte spor.

Vinterstemning: Kuldegrader og rikeleg med snø har gjeve ein flott vinter for dei som er glade i å vera ute på ski. Her frå Skrautvålsåsen, der Leirin skiløyper syter for velpreparerte spor. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Februar i år var i snitt 4–5 grader kaldare enn februar i fjor på dei fire målestasjonane i Valdres. Når det gjeld nedbør så var det stor variasjon, frå 3,2 millimeter på Filefjell til 60 millimeter i Volbu i Øystre Slidre. Mange stader er snøen så djup at folk for lengst har begynt å rydde snø av taka.

DEL

Valdres: Månadsskiftet mot mars kom med uvanleg streng kulde, med temperaturar midt nedpå 30-talet fleire stader, blant anna ved Heggenes og i Tisleidalen. Men når vi ser på snittemperaturen for februar i år var den nesten heilt normal. Og "det normale" når vi oppsummerer vêret er definert som gjennomsnittsmålingane for 30-årsperioden 1961 – 1990.

Kaldare enn normalen

Snittstemperaturen på Løken i Volbu var – 9,3 grader i februar, det er 0,9 grader kaldare enn normalt. Også på Beitostølen var snittet – 9,3 grader, medan Fagernes hadde – 9,9 og Filefjell – 11,5 grader.

Filefjell med – 31,8

Lågaste temperaturmåling i februar hadde Kyrkjestølen på Filefjell, med – 31,8 grader 3. februar. I Fagernes var det – 28,2 grader dagen etter, medan Volbu hadde – 24,6 grader 4. februar og Beitostølen – 23 grader den siste dagen i månaden.

Fagernes hadde varmaste februarmåling, med + 0,4 grader 14. februar. Filefjell hadde 0 grader 22. februar.

Dobbelt dose snø

I Volbu kom det 60 millimeter nedbør i løpet av februar, det normale er 27 millimeter. I februar i fjor kom det berre 18 millimeter.

Beitostølen fekk 47 millimeter i februar i år mot 32 millimeter same månad i fjor. Her er det ikkje målingar langt nok attende til å samanlikne med kva som er "normalt".

Nesten ikkje nedbør

Skilnaden blir då stor til målestasjonen ved Kyrkjestølen vest på Filefjell. Der kom det berre 3,2 millimeter nedbør i februar i år. I fjor kom det 55 millimeter i februar, det normale for månaden er 28 millimeter.

Snø på taket

Fleire stader i Valdres, ikkje minst i hytteområda til fjells, er snøen så djup at folk ikkje tør å vente med å rydde. For det kan koma mykje snø både i mars og april!


Artikkeltags