Skikkeleg norsk vintervêr

Kaldt og klårt: Nydeleg vinterstemning sør i Øystre Slidre 30. november.

Kaldt og klårt: Nydeleg vinterstemning sør i Øystre Slidre 30. november. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

I november var både temperaturane og nedbøren i Valdres på «det normale».

DEL

Valdres: Snittemperatur på 4 - 5 kuldegrader, 50 - 70 millimeter nedbør og godt skiføre var fint, i alle fall for oss som set pris på gamaldags norsk vinter.

Uvanleg likt

Tal frå yr.no viser at stasjonen i Volbu (Heggenes) i Øystre Slidre hadde - 3,8 grader i snitt for november, det same hadde Beitostølen. Åbjørsbråten i Nord-Aurdal hadde - 3,3 grader, og Filefjell i Vang - 5,0 grader.

Normaltemperaturen for november er - 4,1 grader.

Kva er normalt?

Vi minner om at i meteorologisk samanheng viser «det normale» til gjennomsnittet av målingane på aktuell stasjon i 30-årsperioden 1961 - 1990.

Av dei fire stasjonane i Valdres har berre Volbu og Åbjørsbåten målingar så langt attende at vi kan samanlikne med normalen (Filefjell berre nedbørmålingar langt nok bakover).

Filefjell hadde 6,4 varmegrader 23. november, og 24,7 kuldegrader akkurat ei veke seinare.

Variasjon

Starten av månaden hadde nokre få dagar der gjennomsnittstemperaturen kom over null, men etter 10. november har snittet nesten kvar dag vore i området 0 grader til - 10 grader.

Høgaste måling i månadenhadde Beitostølen, med + 8,1 grader 2. november, medan Filefjell hadde + 6,4 grader så seint som 23. november.

Mildvêret leita litt på snøen, men gjekk heldigvis snøgt over.

Kaldast var det på Filefjell 30. november, med - 24,8 grader.

Herleg: Godt med snø og flotte skiløyper det meste av november, som her mellom Javnlie og Øysterlie.

Herleg: Godt med snø og flotte skiløyper det meste av november, som her mellom Javnlie og Øysterlie. Foto:

Normalt med nedbør

Beitostølen fekk mest nedbør denne månaden, 67 millimeter. Filefjell fekk 64 millimeter, det normale her er 44 millimeter.

Volbu (57 mm) og Åbjørsbåten (50 mm) fekk ganske akkurat normal novembernedbør, det var noko mindre enn i fjor.

23. november var dagen med mest nedbør på alle fire målestasjonane. Alt kom som snø. mest fekk Volbu, 23 millimeter.

Novembervêret

  • Gjennomsnittstemperatur på 4 - 5 kuldegrader, akkurat på «normalen»
  • Nedbør på 50 - 67 millimeter, er som normalt i Volbu og i Åbjørsbråten, men godt over det normale på Filefjell
  • Høgaste måling var i Volbu, med 8,1 varmegrader 23. november
  • Kaldast på Filefjell, med 24,7 kuldgrader 30. november


Artikkeltags