Po­lak­kar, litauarar og andre ut­len­din­gar gull verdt for Vang

Verdifulle: Innvandrarane er verdifulle innbyggarar for Vang, seier ordførar Vidar Eltun.

Verdifulle: Innvandrarane er verdifulle innbyggarar for Vang, seier ordførar Vidar Eltun. Foto:

Inn­van­dra­rar bi­dreg sterkt til be­folk­nings­vekst og ut­vik­ling i Vang.

DEL

Vang: Ved ut­gan­gen av 2018 bud­de det 57 per­so­nar frå Li­tau­en og 55 per­so­nar frå Po­len i Vang kom­mu­ne. I det­te ta­let er både inn­van­dra­rar og norsk­fød­de med inn­vand­rar­for­eld­re frå des­se lan­da rek­na med.

– Kvi­for så man­ge inn­van­dra­rar frå net­topp des­se to lan­da? Vi stiller spørs­må­let til ord­fø­rar Vi­dar El­tun.

Snikkering og omsorg

– Eg er vel kjent med det­te. Frå des­se lan­da drei­er det seg om ar­beids­inn­vand­ring. Folk frå Po­len og dei bal­tis­ke lan­da ar­bei­der både i of­fent­leg og pri­vat sek­tor, sei­er El­tun. Dei mann­le­ge inn­van­dra­ra­ne ar­bei­der ofte som snik­ka­rar, mens kvinnene ar­bei­der i of­fent­leg sek­tor, i hel­se og om­sorg, i bar­ne­ha­ge og sku­le.

– Vi veit jo også frå res­ten av lan­det at det har vore stor inn­vand­ring frå des­se lan­da, sei­er El­tun. Han vi­ser til at man­ge av des­se kjen­ner kvar­an­dre og søkjer sam­an til kom­mu­nar der det er ar­beid å få.

Bygger hus og hyt­te

Og i Vang er det for tida mykje byg­nings­ar­beid.

– Det er mykje hyt­te­byg­ging, men også ein god del hus­byg­ging for tida, sei­er Vi­dar El­tun.

I dei sju åra frå og med 2012 til og med 2018 er det iføl­gje Sta­tis­tisk sent­ral­byrå sett i gang byg­ging av til sam­an 57 ei­ne­bu­sta­der, vå­nings­hus, to­manns­bu­sta­der og små­hus.

I til­legg er det i same pe­ri­o­den starta opp og bygd på 301 hyt­ter og fri­tids­bu­sta­der. Det­te gir ar­beid til man­ge. Man­ge av arbeidsinnvandrarane kjø­per også iføl­gje El­tun hus i grei pris­klas­se som dei pus­sar opp.

Flykt­nin­gar

I til­legg til ar­beids­inn­vand­ra­ra­ne kjem man­ge flykt­nin­gar. Ved ut­gan­gen av 2018 var det til dø­mes re­gist­rert 22 personar frå Eri­trea, 17 per­so­nar frå Syria og 8 per­so­nar frå Af­gha­ni­stan i kom­mu­nen.

– Ein del av inn­van­dra­ra­ne bu­sett seg også i kom­mu­nen, får un­gar og skaf­far seg job­bar, sei­er El­tun.

– Vang var i sin be­folk­nings­sta­tis­tikk i 2018 re­gist­rert med 72 inn­van­dra­rar frå ut­lan­det. Blir dei som kjem til asyl­mot­ta­ket også rek­na med?

– No­kre av dei som kjem til mot­ta­ket, får fast opp­halds­løy­ve i lan­det, og då blir dei også rek­na med i be­folk­nings­sta­tis­tik­ken, sei­er El­tun, som opp­ly­ser at Vang kom­mu­ne legg stor vekt på å få innvandrarane in­teg­rert i Vang gjen­nom språk­opp­læ­ring og so­si­a­le til­tak.

– Inn­van­dra­ra­ne er ab­so­lutt ver­di­ful­le innbyggarar for Vang, sei­er Vi­dar El­tun, som el­les kun­ne no­te­re at Vang som einaste kom­mu­ne i Vald­res i fjor had­de po­si­ti­ve fød­sels­tal. Det var flei­re fød­de enn døde, 17 mot 13.

– Men 17 føds­lar er for lite, sei­er El­tun. Fol­ke­ta­let auka også litt, frå 1601 til 1610. Ved årsskiftet budde det 282 inn­van­dra­rar og norskfødde med inn­vand­rar­for­eld­re i Vang. Dei utgjorde 17,5 prosent av det samla folketalet.

Bakgrunnsland

Inn­van­dra­rar og norskfødde med inn­vand­rar­for­eld­re i Vang frå ein del ut­val­de land:


Land20172018
Dan­mark138
Sve­ri­ge49
Al­ba­nia39
Est­land76
Li­tau­en2757
Ne­der­land1514
Po­len3355
Slo­va­kia1911
Eri­trea922
Af­gha­ni­stan08
Syria017


Artikkeltags