Samferdselsministeren på møte i Bergen: Vil vurdere utbygging av Kvamskleive

Livsfarleg: Samferdselsminister Jon Georg Dale vil vurdere utbygging av den livsfarlege Kvamskleive på E16 i Vang i komande Nasjonal transportplan.

Livsfarleg: Samferdselsminister Jon Georg Dale vil vurdere utbygging av den livsfarlege Kvamskleive på E16 i Vang i komande Nasjonal transportplan.

Samferdselsminister Jon Georg Dale vil vurdere utbygging Kvamskleive i ny Nasjonal transportplan.

DEL

Vang: Det kom fra på konferansen til Nasjonal Rassikringsgruppe i Bergen tysdag.

Leiar for stamvbegutvalet E16, Vidar Eltun, var til stades på konferansen og stilte Dale spørsmål om regjeringa er villig til å bruke meir pengar på rassikring, og kva som heilt konkret vil skje med prosjekta Kvamskleiva og Nærøydalen på E 16 samband med utarbeiding av ny Nasjonal transportplan for perioden 2022-2033.

Vil sjå på alle E16-prosjekt

- Ein må sjå på alle rassikringsprosjekt på E 16 i samband med ny Nasjonal transportplan, var statsråden sitt svar på spørsmålet frå Eltun.

Alle rasprosjekt: Jon Georg Dale vil vurdere alle rasprosjekt på E16.

Alle rasprosjekt: Jon Georg Dale vil vurdere alle rasprosjekt på E16. Foto:

Dale framheva på konferansen dei høge løyvingane regjeringa gir til infrastruktur i landet. Han bad alle fylke som har store utfordringar når det gjeld rassikring, prioritere kva som er dei mest viktige utbyggingsprosjekta. Han var også oppteken av at utbyggingane må vere gode nok, men samtidig at ein må få meir ut av kvar krone brukt til veg.

- Regjeringa er oppteken av å bygge systematisk over lengre strekningar. Det hjelp ikkje å bygge flott veg viss ein hamnar i ei snøfonn på neste parsell, sa Dale.

Ras fordyrande for næringslivet

Blant innleiarena på konferansen var også leiar i Norges Lastebileierforbund, Geir A Mo. Han viste til at mykje av transporten ikkje skal fraktast langt. Derfor er det svært viktig at vegane er godt rusta framover, slik at ein kan løyse næringstransporten på ein god måte.

Det er praktisk umogleg å flytte all transport til bane og sjø. Lastebileierforbuindet ynskjer gjerne at den kan auke, men ifylgje Mo er det heilt avgjerande at riks- og fylkesvegar får utbetring over heile landet.

Omkøyring i samband med ras er svært krevjande for næringstransporten. NLF ynskjer ein forpliktande nasjonal heilskapleg skredsikringsplan for riks- og fylkesvegar. Dette er også målet til Nasjonal rassikringsgruppe.

Artikkeltags