Møkjaspreiar frå Valdres vart rikssak

Fjerna: Møkjaspreiaren blir no fjerna.

Fjerna: Møkjaspreiaren blir no fjerna. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein møkjaspreiar frå Valdres har vorte heitt rikspolitisk tema i Gudbrandsdalen.

DEL

VALDRES: Bakgrunnen er at ein møkjaspreiar, opphaveleg produsert ved Yrstad Ljåsmie i Valdres, vart sett opp som kunstverk i Kvam i Nord-Fron.. Kunstverket består ifølgje VG av møkjaspreiaren, ein stein og ein trestolpe.

Måndag skreiv både avisene Dølen og GD at Nord-Fron kommune vil ha det fjerna. Utpå dagen måndag kom ny melding om at kunstverket er demontert, av sikkerheitsmessige årsaker.


Til 400.000 kroner

Ifølgje VG er folk i Nord-Fron rasande på kunstverket. Dei føler at bygda blir hengt ut. Kunstinstallasjonen er initiert av Oppland Fylkeskommune som del av det såkalla Vegskilleprosjektet og har ein prislapp på 400.000 kroner.

Steinar Dokkenhaugen i Lomen er ein av dei som har ein tilsvarande møkjaspreiar.

- Eg kjøpte han av grannen min, Andris A. Hauge, for ti år sidan, for tusen kroner.. Då hadde eg også før det lånt han i fleire år. Han fungerte bra, berre du brukte han rettigt, seier Dokkenhaugen, som saman med broren Jan samlar på gamle produkt frå Yrstad.

Ole Høyne, gardbrukar i Lomen, har også ein slik spreiar.

- Det er mange som har slike, seier Høyne, som meiner at spreiaren kom i produksjon ved smia i Ryfoss på slutten av 60-talet.

Bestefar konstruerte

Gullik Riste, også han gardbrukar i Lomen, kan fortelja at bestefar hans, Erik Steine Riste, var med og konstruerte møkjaspreiaren. Erik Steine Riste var ein kar med mange jarn i elden, og han var også ordførar i Vestre Slidre.

- I 1967 vart det kjøpt inn ein ny Massey på garden, og eg vil tru at spreiaren vart brukt på denne. Dei laga også ein variant som var brukt som snøfresar, men dette vart ingen suksess, og det vart nok ikkje laga fleire. Men eg hugsar at han var i bruk på 70-talet, seier Gullik Riste, som er fødd i 1962.



Artikkeltags