VESTRE SLIDRE: Eit framlegg til vedtak, frå Senterpartiet, fekk 14 av 17 stemmer. Eitt av punkta gjekk på at kontrollutvalet skal sjå på prosessen rundt samarbeidsavtalen mellom Vestre Slidre, Øystre Slidre og Etnedal.

Felles uttale
Ordførar Eivind Brenna og rådmann Håkon Rydland gjorde greie for prosessen. Dei hadde laga ein felles uttale, som vart lese opp av rådmannen.

Sentralt her var kommunestyrevedtaket frå 20/10-14, der ordførar og rådmann vart pålagt å invitere kollegene i Øystre Slidre og Vang til direkte drøftingar om muleg felles kommunestruktur.

Dette oppfatta dei to som eit heilt klart mandat, også sjølv om Etnedal kom inn i staden for Vang, som tydeleg hadde gjeve til kjenne at dei vil stå åleine.

Dei meinte heller ikkje at prosessen har vore ulovleg eller meir «hemmeleg» enn det som var nødvendig, og viste til orientering i formannskapet 19. november.

Uttalen, på to sider, vart delt ut til alle i møtet, også til avisa.

Kvasst frå Ødegård
Senterpartiet hadde eit framlegg i sju punkt i saka, eitt var om kontrollutvalet. Varaordførar Haldor Ødegård (Sp) kommenterte slik:

– Kontrollutvalet må vurdere kva som gjekk gale i prosessen. For skal politikken drivast slik kunne vi hatt det som eit einmannsføretak, sa Ødegård kvasst.

Han sa at dei no ynskjer å gå vidare med kommunereformsaka slik ho var tenkt, med litt tillegg.

Støtte til Senterpartiet
Også Ola Rogn (Bygdelista) sa at framgangsmåten var uheldig.

– Eg meiner det er gått ut over mandatet, og støttar at kontrollutvalet ser på saka, sa Rogn. Han fekk full tilslutning frå partikollega Embrik Før og frå Margit Bratvold (Ap). Alle sa dei ville støtte framlegget frå Senterpartiet.

Misbruk av kontrollutvalet?
Brenna var ikkje samd i at det var gått ut over mandatet, og synte til kommunestyrevedtaket i fjor.

– I tillegg fekk vi tilslutning til arbeidet frå formannskapet no i november, både frå Sp og Ap. Fyrst då gjekk vi vidare med forhandlingar, sa Brenna.

Han ga elles til kjenne at han mislikte sterkt ein eventuell politisk bruk av kontrollutvalet.

– Dette punktet er for å ta vekk autoritet frå ordførar og rådmann, sa Brenna.

Vil ha open prosess
For Ketil Rogn-Hamre (MDG) var det viktig at kommunestyret klart markerer prinsippet om ein open prosess vidare.

– Men innhaldet er det viktigaste, det må difor gjerast meir klart korleis reforma kan slå ut for folk, også økonomisk, sa han.

Bunkar med papir
Rådmann Håkon Rydland gjekk på talarstolen for å svare.

– Denne saka er utgreidd til kvalmen tek dei som har jobba med det. Har de lese desse papira, her finn de det meste, sa Rydland, og vifta med ein tjukk bunke.

Ros for initiativet
Åshild Reien (Bygdelista):

– Flott at det vart teke initiativ frå Vestre, Øystre og Etnedal. I staden for å vera passive vart det gjort noko konkret. Ting kunne kanskje vore gjort litt annleis, men framover må vi konsentrere oss om innhaldet i saka, sa ho.

– På sporet att
Også Lars Kvissel (Sp) syns det er mykje positivt i det som er gjort.

– Vi kan ikkje berre sitje på bakføtene og seie nei, nei heile tida. Det kjem til å bli ein annan kvardag for kommunedrifta framover, anten vi vil det eller ikkje. Eg er kanskje litt kritisk til delar av prosessen, men det var i alle fall heilt nødvendig å gjera noko for å få den på sporet att, sa Kvissel.