Vurderer nye reglar for jakt og fiske

Gamle eller nye: Skal gamle eller nye kommunegrenser gjelde for jakt i statsallmenningen?

Gamle eller nye: Skal gamle eller nye kommunegrenser gjelde for jakt i statsallmenningen?

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det er uklart om gamle eller nye kommunegrenser skal gjelde ved jakt og fiske i statsallmenningane.

DEL

VALDRES: Rettar til jakt og fiske i statsallmenningane er eit heitt tema i kommunesamanslåingsprosessen. Og det er uklart kva slags reglar som kjem til å gjelde, noko debatten i «Valdres» også ber preg av. Ein av dei som har engasjert seg, er Eivind Sæteren, aktiv jeger busett i Vestre Slidre. Han meiner dei gamle grensene for jaktrettar må gjelde også etter ei eventuell samanslåing.

Press på allmenningane?
– Eg er redd det kjem til å gli ut og at det ved ei samanslåing vil bli eit sterkt press på Slidre-kommunane, seier Sæteren, som også viser til nye signal frå regjeringa om at kommunane sjølve skal stå fritt i valet mellom gamle eller nye grenser.

Kva er så rett og feil i saka?

– Vi har prøvd å få avklart desse spørsmåla. Det var lagt opp til at dette skulle vera kjent før prosessen starta. Det har ein delvis lykkast med. I ei slik sak er det verdiar og sterke kjensler inne i bildet. Mange har følt at det er uklart kva som skjer og derfor er veldig skeptiske, seier leiar i Norsk Fjellstyresamband, Jan Borgnes. Han viser til at all jakt og fiske er regulert av ein kongeleg resolusjon av 1964. Ved kommunesamanslåinga den gongen var same problematikk oppe til debatt.

Det vart avgjort at dei gamle kommunegrensene skulle gjelde, og det gjeld framleis.

– Signalet frå den noverande regjeringa var også at vi ikkje skulle røre dei gamle reglane. Men det er ein kompliserande faktor. I 1964 var det ikkje fjellstyra som hadde forvaltning av elg, hjort og rådyr. Det overtok fjellstyra i 2004. Og for dei artene skulle dei til ei kvar tid gjeldande kommunegrensene gjelde.

Eg er redd det kjem til å gli ut.

Eivind Sæteren

– I Norsk Fjellstyresamband anbefalte vi at dei same reglane som i 1964 også skulle gjelde for desse artane. Ei ny forskrift med verknad frå april i år slo då også fast at dei gamle grensene skulle gjelde også for desse dyreslaga. Endringar i kommunestruktur skulle ikkje endre kven som var «innanbygds» og «utanbygds» med omsyn til jaktrettar.

Likevel fjerning av grenser?
– Det som gjer at vi på nytt blir usikre, er at regjeringa under framlegginga av Revidert nasjonalbudsjett i mai seier at den vil vurdere å la det vera opp til kommunane om elg, hjort og rådyr skal følgje gamle eller nye grenser, seier Borgenes.

Han har eitt klart råd til regjeringa.

– Rettane slik dei vart vedtekne i 1964, må også gjelde for elg, hjort og rådyr, seier Borgenes, som opplyser at dette vil bli drøfta på landsmøtet torsdag og fredag.

Rettar i statsallmenning

  • Skal dei «gamle innbyggjarane» ha særrettar ved jakt og fiske i statsallmenningane etter ei kommunesamanslåing?
  • Ja, meiner Norsk Fjellstyresamband.
  • Dette er også slått fast i ein nye kongeleg resolusjon.
  • Men i samband med framlegginga av Revidert nasjonalbudsjett seier regjeringa at kommunane bør vurdere dette.

Artikkeltags