Brennabu Leirskole er bau­ta, pi­o­ner og mil­jø­fyr­tårn

Overrekte: Varaordførar Haldor Ødegård overrekte skiltet til dagleg leiar Elisabeth Mellbye som bevis på at Brennabu Leirskole er sertifisert til Miljøfyrtårn.

Overrekte: Varaordførar Haldor Ødegård overrekte skiltet til dagleg leiar Elisabeth Mellbye som bevis på at Brennabu Leirskole er sertifisert til Miljøfyrtårn. Foto:

Brennabu Leirskole er mil­jø­ser­ti­fi­sert – som den fyrste be­drif­ta i Vest­re Slidre.

DEL

Va­set: – Brennabu Leirskole er meir enn eit mil­jø­fyr­tårn. Det er ein bau­ta på Va­set og i Vest­re Slidre kom­mu­ne, sa va­ra­ord­fø­rar Hal­dor Øde­gård då hantysdag over­rek­te skil­tet som vi­ser at be­drif­ta er sertifisert som Mil­jø­fyr­tårn. For å kva­li­fi­se­re til det­te må ei be­drift opp­fyl­le bes­tem­te krav til hel­se, mil­jø og sik­ker­heit.

Øde­gård min­te om at Brennabu Leirskole er den stør­ste leir­sku­len i lan­det og vis­te sam­ti­dig til at Brennabu er den fyrste be­drif­ta som er mil­jø­ser­ti­fi­sert i Vest­re Slidre.

Læ­ring i na­tu­ren

Øde­gård pei­ka på mel­din­ga frå den ny­leg av­hald­ne tek­no­lo­gi­da­gen om at fram­ti­da er sterkt di­gi­tal, men mein­te at læ­ring om na­tu­ren ute i na­tu­ren er svært vik­tig for unge men­nes­ke.

Øde­gård min­te også om at for­sla­get om lov­fes­ta leir­kule snart skal opp i Stor­tin­get.

– Eg hå­par sterkt at Stor­tin­get går inn for lov­fes­ta leir­sku­le over fire da­gar, sa Øde­gård i sam­band med over­rek­kin­ga av fyr­tårn­skil­tet.

Miljøsertifisør: Olle Rosendal (t. v.) har vore miljøsertifisør og kunne saman med dagleg leiar Elisabeth Mellbye og varordførar Haldor Ødegård glede seg overf at Brennabu Leirskole som leirskule nummer to i landet er sertifisert som miljøfyrtårn.

Miljøsertifisør: Olle Rosendal (t. v.) har vore miljøsertifisør og kunne saman med dagleg leiar Elisabeth Mellbye og varordførar Haldor Ødegård glede seg overf at Brennabu Leirskole som leirskule nummer to i landet er sertifisert som miljøfyrtårn. Foto:

Miljøsertifisør Olle Ro­sen­dal var også til stades. Han opp­da­ga alt då han for no­kre år sidan var lei­ar for Vald­res kom­mu­na­le re­no­va­sjon at Brennabu Leirskole tok mil­j­øet på al­vor. Som ei av dei fyrste be­drif­te­ne star­ta dei med mil­jø­sor­te­ring og fekk opp­ret­ta sin ei­gen mil­jø­sta­sjon.

– Det var im­po­ne­ran­de. De er pi­o­ne­rar, sa Ro­sen­dal.

Eit løft

– Det­te har vore eit løft for oss. Det har vore man­ge ting som skul­le do­ku­men­te­rast for å opp­nå ser­ti­fi­se­ring. Men sam­ti­dig er det­te vik­tig også for­di leir­sku­len re­pre­sen­te­rer ein bran­sje som skal vera ein rol­le­mo­dell. Eg vil prø­ve å sti­mu­le­re flei­re leir­sku­lar til å gje­ra det same, sei­er Eli­sa­beth Mell­bye.

Ho vi­ser til at ho no vil laga gode ru­ti­nar sam­an med sine flin­ke med­ar­bei­da­rar. Be­drif­ta er el­les i gang med eit prosjekt for å re­du­se­re mat­svin­net, og hå­pet er også fin­ne eit system som gjer at dei kan gjenbruke sin ei­gen kom­post i sta­den for å kjøre han til VKR.

Tilsette: Elisabeth Mellbye saman med nokon av sine tilsette og flinke medhjelparar.

Tilsette: Elisabeth Mellbye saman med nokon av sine tilsette og flinke medhjelparar. Foto:

I sam­band med mil­jø­fyr­tårn­pro­sjek­tet har det vore sett ned ei ar­beids­grup­pe som har be­stått av Eli­sa­beth Mell­bye, Chris­ti­an Mo Johansson, Arnhildur Yt­re­dal Ny­thun og mil­jø­kon­su­lent Erik Berg.

Ar­beids­plass for 22

Brennabu Leirskole vart star­ta i 1955. På leir­sku­len ar­bei­der det 22 til­set­te. 15 til­høy­rer be­drifts­de­len, mens sju er pe­da­go­gisk per­so­nell som sor­te­rer un­der Vest­re Slidre kom­mu­ne. Brennabu Leirskole AS har ei om­set­ning på 13,5 mil­li­o­nar kro­ner, tek imot opp mot 120 ele­var kvar veke i sku­le­å­ret, det vil seia 4.000 ele­var i lø­pet av eit heilt år. I hel­ger og feriar tek dei imot grupper, for eksempel ski­grup­per, i til­legg til at det blir ar­ran­gert bryllaup og ju­bi­le­um på sta­den.

Artikkeltags