Nynorskstafett over heile Valdres

Moro: Språk er både moro og viktig, meiner f.v. Magne Aasbrenn, Anna Sofie Ekeland Valvatne og Per Henning Arntsen.

Moro: Språk er både moro og viktig, meiner f.v. Magne Aasbrenn, Anna Sofie Ekeland Valvatne og Per Henning Arntsen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Sentrale leiarar i målrørsla har denne veka tråla Valdres rundt for å levere nynorske stafettpinnar.

DEL


Valdres: Nynorsk-stafetten til Noregs Mållag reiser kvart år rundt for å hjelpe og oppmuntre nynorskbrukarar i randsonane der bokmål møter nynorsk. Valdres er eit slik område.

- Vi besøkjer skular, vi møter ordførane og vi prøver å oppmuntre næringslivet til å bruke nynorsk, fortel leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, som har med seg Per Henning Arntsen frå administrasjonen og leiaren i Norsk Målungdom, Fredrik Hope på rundturen. I tillegg har NMU-reiseskrivar Anna Sofie Ekeland Valvatne vore med på besøk på Valdres vidaregåande skule. Hope har også vore inne i fleire klasser og hatt timar språktimar med elevane. På kveldstid har det vore møte i dei seks mållaga i Valdres.


Stolte av valdresdialekta

- I målungdommen er vi opptrekne av å hjelpe unge nynorskbrukarar i bokmålsverda. Mange skiftar til bokmål fordi vi opplever at mange ikkje får nyorskundervisninga dei har krav på, og treng, for å halde på språket sitt, seier Ekeland Valvatne.

Turen starta måndag i Sør-Aurdal og har så gått vidare til Etnedal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Øystre Slidre. Måndag blir det besøk i Vang. Deretter går turen til Hallingdal og kommunar rundt Bergen.

- Vi opplever at folk er stolte av dialekta si, men at ikkje alle ser samanhengen mellom dialekt og nynorsk, seier Per Henning Arntsen. Dei har også erfart at det ikkje er negative kommentarar om nynorsken. Folk er positive. Og mållagsleiarane vart positivt overraska over interessa for dialekt og nynorsk, blant anna på skulane i Bagn og Etnedal.


Nynorsk i kommunane

Dei konstaterer elles at bruken av nynorsk i styre og stell er svært personavhengig, men viser til at det er visse reglar som gjeld.

undefined

-Når ein nynorskskule søkjer etter lærarar, så må jo annonsen stå på nynorsk, og det bør jo stå at undervisningsmålet er nynorsk., seier Aasbrenn. Men det er fleire lyspunkt. I Etnedal har bruken av nynorsk auka i administrasjonen.

- Vi reknar med at fleire får nettsider på nynorsk. Nynorsk styrkjer omdømmet til kommunane i Valdres og gjer at dei skiljer seg ut på ein positiv måte. Nynorsk bygger opp om identitet og kulturverdiar i Valdres. Begynner du med nynorsk i skulen, blir du god i nynorsk. Bokmålet lærer du uansett. Med å velja nynorsk som skulemål, får du både i pose og sekk. Vi vil derfor oppfordre folk til å velja nynorsk i skulen, seier Aasbrenn, som verkeleg håpar at det blir nynorske parallellklasser att på Fagernes, slik det var mellom 1980 og 2012.

undefined


Mållag i medvind

Noregs Mållag er for øvrig i medvind. Medlemstalet i fjor var oppe i 12.560, det høgaste på 25 år. Og Norsk Målungdom viser seg også att i terrenget, med sine rundt tusen betalande medlemmer. No håpar NMU-leiar Fredrik Hope at det også skal vera mogleg å stifte eit målungdomslag i Valdres.

- Vi håpar på å nå det magiske talet 13.000, og valdrisane er velkomne til å bli med på å arbeide for dialekt og nynorsk, avsluttar Magne Aasbrenn, som opplever mange positive nynorsksignal, som at talet på nynorskelevar i skulen i fjor gjekk opp med 160 og at VG no har opna for at journalistane kan skrive nynorsk i redaksjonelle artiklar.


Artikkeltags