Gå til sidens hovedinnhold

Nytt klassetrinn råka i smitteutbrotet

Nok ein grunnskoleelev i Øystre Slidre har testa positivt for covid-19.

ØYSTRE SLIDRE: «Fredag morgon vart det kjent at ein elev i 5. trinn på Lidar skule har testa positivt for covid-19. Etter det vi har oversikt over er det no til saman elleve elevar og to tilsette som truleg er smitta av covid-19 ved skulane i Øystre Slidre», melder kommunen sjølv på sine heimesider fredag.

Smitte i seks trinn

Alle skulene i kommunen er omfatta av utbrotet, som vart oppdaga måndag denne veka. Det nye smittetilfellet som vart avdekkja fredag, inneber at nok eit klassetrinn er råka.

I skrivande stund fredag, er det kartlagt smitte i seks trinn fordelt på tre skular. Ved Rogne skule er det smitte i andre og sjette trinn, ved Lidar skule i 5. og 6. trinn og ved Øystre Slidre barne- og ungdomssule (ØSUS) i 8. og 9. trinn.

Tilpassa gult nivå

Elevane i klassene med smitte, er bedne om å ikkje møte på skulen denne veka. For alle andre elevar er det vanleg skule. Barneskulane i kommunen har innført tilpassa gult nivå med fleire tiltak frå onsdag 17. november og inntil vidare. Smittereduserande tiltak er det også i ungdomsskulen.

Kulturskulen er stengt for alle grunnskuleelevar, og Gapahuken er stengt for alle ut veke 46.

Oppmodar til minst mogleg aktivitet

«Kommunelegen oppmodar barn og unge i Øystre Slidre kommune til minst mogeleg organisert aktivitet denne veka, fram til vi har fått betre oversikt over smittesituasjonen», heiter det på kommunes eigne heimesider.

Her oppmodast det også til at folk held seg heie og testar seg ved symptom på covid-19.

Kommentarer til denne saken