Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle i Øystre Slidre fredag. 30 i karantene, så langt

Kommunelege Arild Jacobsen informerte fredag 26. mars om at det er eit nytt smittetilfelle av Covid -19 i Øystre Slidre kommune.

Øystre Slidre: Smittevegen er kjent, og vedkomande er smitta utanfor valdresregionen, skriv Øystre Slidre kommune på sine heimesider.

Smittesporing er sett i gang, og det er så langt (per 26. mars kl. 11.30) sett ein nærkontakt i karantene som ein følgje av dette tilfellet, skriv kommunen.

Dette auka til 30 personar i karantene klokka 14.30. Alle desse skal gjennomgå ein smittetest i morgon, laurdag.

«Smittesporing går føre seg framleis, og talet på personar i karantene kan auke ut over dagen. Vi vil kome tilbake med oppdatert informasjon i løpet av kvelden», skriv kommunen.

Kommentarer til denne saken