Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle i Øystre Slidre – ingen samanheng med smitteutbrotet

Nok ein øystreslidring har fått påvist koronavirus. Vedkommande vart smitta utanfor kommunen, opplyser kommuneoverlegen.

ØYSTRE SLIDRE: Kommuneoverlege i Øystre Slidre, Arild Jacobsen, har onsdag 31. mars informert om at ein ny person har testa positivt for covid-19 i Øystre Slidre kommune. Det melder kommunen på heimesida si.

– Vedkomande er smitta utanfor kommunen, og dette tilfellet har ingen samanheng med det pågåande smitteutbrotet, skriv kommunen.

175 i karantene

Til saman er det med dette ni smitta personar i Øystre Slidre kommune.

Tre personar er sett i smittekarantene som følgje av det nye tilfellet, opplyser kommunen. Frå før er 70 personar i smittekarantene og 102 i ventekarantene i tilknyting til det pågåande utbrotet.

Les også

Har anmeldt utelivsaktøren for mulig brudd på smittevernreglene

Kommentarer til denne saken