Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle i Øystre Slidre

Ein ny person er smitta i Øystre Slidre kommune i samband med det pågåande utbrotet. Også denne personen har vore i karantene sidan 26. mars.

ØYSTRE SLIDRE: Kommuneoverlege Arild Jacobsen opplyste torsdag 8. april at ytterlegare ein person har testa positivt for covid-19 i Øystre Slidre.

Dette har samanheng med utbrotet i kommunen før påske, opplyser kommunen på heimesida si.

– Den smitta har vore i karantene sidan 26. mars. Ingen nye er sett i karantene som ein følgje av dette tilfellet, skriv kommunen.

Med dette har til samen 15 personar testa positivt i samband med dette utbrotet.

Kommentarer til denne saken