ØYSTRE SLIDRE: Per 30. november er registrert til saman 48 positive PCR-testar i kommunen i samband med det pågåande smitteutbrotet (sidan 15. november), kan ein lese på Øystre Slidre kommune si heimeside.

I tillegg testa ein elev ved 6. trinn på Lidar skule positivt på hurtigtest tysdag 30. november.

Alle skular og kommunale barnehagar har sidan 15. november registrert eitt eller fleire smittetilfelle (av barn og/eller tilsette), men den siste veka har det berre vore registrert smitte i 5. og 6. trinn ved Lidar skule.

Det blir gjennomført omfattande testing på dei klassetrinna der det ev. blir registrert smitte. Føresette på berørte trinn vil få melding om dette blir aktuelt.

Aktiviteter på fritida kan gå som normalt, men kommuneoverlegen tilrår at smittevern får særleg merksemd så lenge det er kjent smitte i kommunen.

Vi minner elles om at alle som har symptom på Covid -19 må halde seg heime og teste seg. Om du har symptom bør du ta kontakt med kommunen sin koronatelefon 480 33 587. Denne er bemanna kvardagar i tidsrommet 9-11. Testing (PCR) vil skje etter avtale.