Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle i Vestre Slidre – ungdomstrinnet sendt heim. Alle klassetrinn ved Vestre Slidre skule er sett i ventekarantene

Måndag 12. april er det bekrefta et nytt smittetilfelle i Vestre Slidre. Den smitta er i ungdomstrinnet på Vestre Slidre skule. Som følgje av dagens smittesporing blir alle klassetrinn ved Vestre Slidre skule sett i ventekarantene frå skuleslutt i dag og fram til og med onsdag 14. april.

VESTRE SLIDRE: Som følgje av dagens smittesporing blir alle klassetrinn ved Vestre Slidre skule sett i ventekarantene frå skuleslutt i dag og fram til og med onsdag 14. april.

Smittesporing og testing pågår framleis.

Slidre legesenter held i dag oppe på telefon til kl. 16.00.

Førebyggjande tiltak:

  • Kulturhuset blir stengt til og med måndag 19. april.
  • Trimrommet blir stengt til og med måndag 19. april.
  • Alle dagtilbod i Plassen er stengt til og med måndag 19. april.
  • Kulturskulen opprettheld 1:1 undervisning etter nærare avtale mellom elev og lærar.
  • Me oppfordrar sterkt til bruk av munnbind der ein ikkje kan overhalde minimum 2 meter avstand til andre.

Forvirra av det nye omgrepet ventekarantene?

Dei nye virusa smittar lettare, så vi må setje fleire i karantene frå start.

  • Nærkontakt til smittetilfelle = karantene i 10 dagar + test inn og ut av karantene.
  • Nærkontakt til nærkontakt = ventekarantene inntil nærkontakt har fått negativt svar på fyrste test.
  • Ventekarantene = kortvarig karantene. Ingen kontakt med andre enn dei ein bur saman med inntil negativt prøvesvar føreligg.

Kommentarer til denne saken