Både dei positive og negative ringverknadane skal kartleggjast i analysen, som Menon Economics skal levere før sumaren. Analysen skal sjå på konsekvensar for økonomi, næring, miljø og samfunn, og med så store tema og kort tidsperspektiv, blir det interessant å sjå kva analysen kjem til å innehalde til slutt. Det er tidkrevjande arbeid å finne fram til tal som kan danne grunnlag for ein god analyse.

Å få betre innsyn og innsikt i kva reiselivet tyder, er bra. Tal på bordet som kan fortelje noko om kva regionen får att, og kva som eventuelt er lønsamt, kan også hjelpe Valdres til å i større grad vita kvar det bør satsast.

Les også

Hvordan er forholdet mellom deltids- og heltidsinnbyggerne? – De har altså et hjem her, i tillegg til der de bor. Jeg derimot er bare her og har ikke én egen bolig en gang. Og så skal de si at jeg er avhengig av dem?

Kvar forsvinn til dømes dei store kontraktane ved utbyggjing av større hyttefelt? Kva er mest lønsamt for lokalt næringsliv av «kalde» og «varme» senger, altså hytte- versus hotellovernattingar? Kva bør ein i så fall satse på å byggje ut, og kvar? Korleis kan ein større del av kaka bli liggjande att lokalt, til dømes når store investorar kjem inn?

Østlandsforsking er ein av forskingsinstitusjonane som har forska på reiseliv og fritidsbustader. I 2019 fekk Østlandsforsking éin million kroner frå Oppland fylkeskommune for eit prosjekt som nettopp skal sjå på økonomiske ringverknader. I samband med arbeidet med artikkelserien Hytteparadokset i fjor, intervjua avisa Valdres forskar og stipendiat Merethe Lerfald. Ho fortalde at det har vore vanskeleg å skilje ut til dømes kva fritidsbustadeigarane tyder for omsetning lokalt. Kommersiell overnatting, attraksjonar og ppplevingar er samanvove med ringverknadar av fritidsbustadane.

Ein analyse som difor også inneheld reiseliv, og ikkje «berre» fritidsbustadmarknaden, kan kanskje difor gje eit betre bilete av kva sektoren bidreg med til kommunar og næringsliv i Valdres. Samstundes har klima og berekraft i langt større grad vorte viktigare måleparameter i samfunnsutviklinga generelt, og i reiselivet spesielt, uavhengig av kva ein måtte meine lokalt at bør vektleggjast. Ein analyse av reiselivet i Valdres må difor også innehalde konskvensar for klimaet.