Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Ja, meiner Frp. Partiet har på nytt føreslått for Stortinget at odelsloven blir avvikla. Frp meiner det berre er eit spørsmål om tid før odelsloven blir oppheva, og argumenterer med at fjerning av odelsloven vil gjera det enklare få til bruksendringar som sikrar betre økonomiske vilkår for heiltidsbonden.

– Bare tidsspørsmål før det blir opphevet
Det blir stadig færre bønder og færre aktive gardsbruk. Gardens ressursar blir leigd ut til andre, aktive bønder, som blir avhengige av leigejord for å kunne utvikle og drifte sin eigen gard. Også her i Valdres er det mykje jord som blir leigd ut. Odelsloven har vore oppe til diskusjon fleire gongar, men utan at det er politisk fleirtal for å fjerne den.
Det er lite truleg at Stortinget i denne omgang vel å avvikle odelsloven. Ifylgje Nationen er det berre Venstre som kjem til å støtte framlegget frå Frp i denne omgangen. Venstre argumenterer med at det ikkje heng på greip i dag at nokon skal ha fortrinn til odel basert på rekkjefylgja ein er fødd i. I utgangspunktet treng ikkje innvendinga frå Venstre å ha tyding i praksis, og odelsloven hindrar heller ikkje sal av gardar på den opne marknaden, om ingen med odelsrett ynskjer å ta over garden.
Odelsretten er gamal i Noreg. Den skriv seg attende til dei tidlegaste lovtekstane me har, og fekk grunnlovsvern i 1814. Opp gjennom åra har vilkåra for om eit gardsbruk eller skogbruk har odel, endra seg. Seinast i 2017, då arealgrensa for kva eigedomar som er omfatta av loven vart auka frå 25 til 35 mål med fulldyrka eller overflatedyrka jord. Kven som har odelsrett til ein gard, har også vorte innskrenka, og i dag er det berre born eller barnebarn av den som eig garden, som har odel.
I dag er det buplikt på gardar som er over 35 mål dyrka mark. Odelsloven hindrar sal i den opne marknaden, om det er arvingar som ynskje å ta over garden og busetje seg der. Ein av tre valdrisar budde i 2021 på eit gardsbruk. Slik er odelsretten også med på å sikre at det bur folk i dei mange grendene i Valdres, sjølv om ikkje lenger alle gardar er i drift.
Debatten om odelsloven er ikkje berre ein debatt om økonomi i landbruket og heiltidsbonden. Det er ein debatt om eigarskap, om kven som tek vare på og utviklar ressursane som høyrer til eit bruk, og ikkje minst om busetjing, «lys i alle glas».