VESTRE SLIDRE: Ordførar Haldor Ødegård overrekte prisen og fortalde at Olav vart fødd i Jostedalen i Luster i 1937 og gifta seg med Margit Ferden frå Røn i 1967.

Saman dreiv paret garden Linjordet og Olav dreiv også som snikkar på snikkarlaget til Lars Wiknes. Olav hadde lært hardingfelespel av gamle spelemenn heime i Sogn, og tok raskt til seg musikktradisjonen i Valdres då han kom hit. Olav har gjennom mange tiår bidrege til formidlinga av folkemusikken i Vestre Slidre og Valdres.

Han var spelemann og kasserar for Vestre Slidre Folkemusikk- og Dansarlag frå laget vart stifta og var særs aktiv i laget. For dette vart han utnemnd til æresmedlem i laget. Det var og laget som var arrangør for den same kvelden.

Lang CV

Olav har spelt mykje til underhaldning, på kurs, i bryllaup, ungdomsstevner og på kommunale kulturtilstellingar og på alle festane folkemusikklaget hadde på Ølken hotell og på Slidreøya.

Saman med fjorårets kulturprisvinnar, Ingebjørg Haugene, og dessutan Torbjørn Øygard var han også med i gruppa Torolin.

Og ikkje minst har Olav spelt mykje for leikarringane Slidrespretten og Jotunringen.

– Eg har ikkje spelt hardingfele på nokon år, etter at eg reiv av ein muskel i skuldra, men eg har framleis sansen for folkemusikk og dans, sa prisvinnaren å tildelinga vart kjend i starten av november.

Etter kulturprisutdelinga fekk forsamlinga høyre meisterspelemannen Ottar Kåsa frå Arabygdi i Rauland, som spelte eit utval av dei beste hardingfeleslåttane frå Telemark.

Etter ønskje frå tilhøyrar Magne Moe avslutta Kåsa konserten med lydarlåtten Rosa, i form etter Lars Fykerud. Kvelden vart avslutta med gamaldans etter Valdreskvelven spelemannslag og lokale spelemenn.