Debattinnlegg Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Vi seier litt, sidan det er mykje meir å fortelje enn det vi kan gjera i eit stutt innlegg i avisa. Difor vart det utarbeidd ei forvaltningsplan med mykje informasjon om forvaltinga av alle verneområda i Langsua, både naturreservat, landskapsvernområde og om nasjonalparken. Forvaltningsplanen vart godkjend i 2020 og den finn dykk på internettsida til Langsua nasjonalparkstyre www.nasjonalparkstyre.no/Langsua under «Publikasjoner» i menyen øvst.
Eg trur at tida renn ut om det ikkje blir gjort noko
Ja, så må ein altså leita litt, som ved all anna informasjon, sidan vi ikkje har ressursar til å sende planen ut til alle lesarar av avisa Valdres. Ikkje ville alle ha interesse av det heller. Men alle dei som er direkte råka av vernet har fått informasjon om forvaltningsplanen direkte i postkassa si, og har kunne medverke til arbeidet også. Og alle kommunane har sjølvsagt fått planen, så kanskje du finn ho på biblioteket, slik som andre offentlege planar? I samband med planarbeidet vart det halde høyring og møter i kvar kommune som alle kunne delta på.
Vi skulle så gjerne vore mykje flinkare med løpande informasjon om vår verksemd, men vi er berre to i administrasjonen og rekk berre det vi rekk. Noko nyhende vil du likevel finne på nasjonalparkstyret si nettside, som vi allereie har gitt ei lenkje til. Og iblant legg vi også ut nyhende på Facebook-sida Langsua Nasjonalpark. For tilreisande har vi også ei eiga nettside med litt nyhende www.langsua.no.
Men så til kva landskapsvern er og kva dette har betydd for Langsua-området. Illustrasjonsbiletet til lesarinnlegget har ikkje noko med landskapsvern å gjera – det kunne vore frå kvar som helst vegkant i Noreg. Det ser ikkje noko meir ut som dette i Langsua enn andre stader. Landskapsvern skal verne mot tyngre naturinngrep slik som kraftutbygging, kraftliner, vegutbygging, hytte- og boligfelt, vindkraftverk, gruvedrift, steinbrot og liknande, medan tradisjonell verksemd kan gå føre seg som tidlegare. Det er ikkje noko forbod mot vedhogst eller beitebruk i landskapsvernområde, men ein må sjølvsagt ha ei rett til det som grunneigar eller rettshavar, nett som andre stadar.

Mange arter i Langsua er mer truet enn for seks år siden
Ja, det var meir beitedyr i området i gamal tid. Langsuaområdet har alltid vore eit godt og viktig beiteområde, både for bygdafolk og for fedrifter. Og det er framleis mykje beitedyr i området. Likevel færre enn før, samt mykje mindre vedhogst til stølane, og pottoske- og kolbrenning er sjølvsagt ein saga blott. Nesten alt det som held gjengroinga i sjakk er borte, så det er ikkje noko mysterium at landskapet gror att. Men dette har ikkje noko med landskapsvernet å gjera, ikkje det grann.
Vernet har ikkje gjort noko av dette verre, tvert imot heller lite granne betre. Ikkje at det er så mykje å skryte av, men vi har då brukt nokre millionar kroner til å hogge og rydde og beite gjengroande mark dei siste ti åra. Ikkje kan vi komme i hug at nokon andre har gjort noko tilsvarande. At vi skulle vere negative til slike tiltak er då ganske urimeleg å hevda. Og hadde vi hatt meir enn våre små årlege tildelingar, så skulle vi ha gjort mykje meir.

På 30 år forsvant 7000 fotballbaner med inngrepsfri natur i Valdres – vi har jaktet på Valdres' siste villmark
Dei stadane vi har sytt for å rydda og beita er nett slike stader kor folk har budd i samband med støling og gjeting, slik som Bølhaug, Haldorbu, Fjelldokkbu, Skreostølen og Hundslægeret i Valdres, og Storhøliseter, Svartjernholet, Nordbua, Nysetra, Liomseter, Dokkfaret, Ånstadsetra og Lundsetra i andre kommunar. Og dette er ikkje noko vi gjer sjølv, nei, vi har eit godt samarbeid med fjellstyra, Statens naturoppsyn og einskilde beitebrukarar som gjer arbeidet på oppdrag år etter år. Utan dei hadde vi ikkje fått gjort noko.
Men det er ikkje mykje pengar vi har til slikt arbeid, så dei må brukast slik at dei gjer mest mogleg nytte for seg. Og vi må også ha løyve frå grunneigaren. Det er så mange stader det har budd menn og kvinner med kyr, så ikkje veit vi kor Håkon sikter til. Om nokon kjem med eit godt forslag til tiltak i verneområda, så høyrer vi uansett på med interesse.
Vi er faktisk einige med Håkon i at gjengroinga tar heilt over mange stader og at som tida går vert det stadig verre å gjere noko med det. I alle fall krevst langt større ressursar, og det har ikkje vi mykje av, og ikkje er det vår primære oppgåve heller. Vi kan berre hjelpe til der det finnast særskilde verdifulle naturverdiar og kulturmiljø.
Med færre beitedyr og mindre vedhogst enn tidlegare så er det berre målretta hogst og beiting på utvalde stadar ein verkeleg ynskjer å halde ope som vil hjelpe. Og det kan berre skje om grunneigarane og beitebrukarane finn saman og gjer noko med det. Og sjølvsagt må det til ein heilt annan politikk når det gjeld landbruk og anna.