Om rådmannen sine bustadplanar i beiteområde: – Dette er ikkje noko vi synest er greitt, seier leiar for Øystre Slidre Bonde og Småbrukarlag, Marit Helene Bryhn-Svensen

Rådmann Jostein Aanestad og kona Ane Kvaale ynskjer å byggje seg hus på Beitostølen, men tomta ligg i eit område som Fylkesmannen fremja motsegn mot utbygging til bustader i 2011 «av omsyn til landbruket i stølsområdet». Å ta hol på dette området får beitenæringa til å murre. – Dette er ikkje noko vi synest er greitt, seier leiar for Øystre Slidre Bonde og Småbrukarlag, Marit Helene Bryhn- Svensen.