Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Kommunen si tomt er stor og det ville sikkert gå an å byggje ein ny barnehage der og la skulen vera i fred. Det må gå an å sambruke eit uteområde, spesielt etter skuleslutt. Litt gjerding og organisering må til. Der det er vilje, er det veg, sa Einstein. Der det er vilje, er det tomt, seier eg.
Kor mange barn er det på Nord-Aurdal barneskole og kor stor er tomta? Det blir no framstilt slik at om du er FOR barnehagen, er du MOT skulen. Er du FOR skulen, er du MOT barnehagen. Snakk om å sette grupper opp mot kvarandre! Og dette blir gjort av øvste leiing i kommunen.

Ser kun to alternativer: – Enten legger vi ned barnehagen i Ulnes, eller så må vi si opp avtalen
Dette innlegget er skrive berre av meg, på eigne vegne. Eg vil behalde barnehage i Ulnes og eg vil at Valdres montessoriskule skal bestå. Ja, takk begge delar. Barnehagen kan jo vera ein montessoribarnehage, ikkje sant? Dette skriv eg utan å vite korleis Valdres montessoriskule ser på ei slik løysing.
Eg trur det trengst litt info om friskular, om Valdres montessoriskule. (Dei fleste veit kva ein barnehage er og inneheld.) Friskular, det heiter ikkje lenger privatskular, er ikkje eliteskular for rikingar. Dei fleste friskular har liten eller ingen foreldrebetaling. Valdres montessoriskule er gratis, slik som kommunal skule.
Det finst rundt 90 montessoriskular i Norge. Nokon har berre barnetrinn, nokon har også ungdomstrinn slik Valdres montessoriskule vil ha frå hausten -22 og nokon har barnehagetilbod også. Det kan Valdres Montessori også få etter kvart. På verdsbasis finst det rundt 20.000 montessoriskular, altså er ikkje dette nokon sær og sjeldan form for pedagogikk.
Montessoripedagogikk er ein pedagogisk metode for læring basert på den italienske legen og pedagogen Maria Montessori sitt arbeid og studie med barn gjennom ei heil yrkeskarriere. Pedagogikken er godkjent av Utdanningsdirektoratet som ein av to pedagogiske hovudretningar som kvalifiserer for statstilskot. Den andre er Steiner-pedagogikken.
Montessoriskular har montessorilærarar, montessoriassistentar og læremiddel utvikla etter montessoripedagogikken. Ein montessorilærar er ein vanleg lærar som må ta tilleggsutdanning i montessoripedagogikk. Saman med læremiddel og metodar skapar dette eit sterkt læringsmiljø basert på barn sine utviklingstrinn og optimale læringsstrategiar.
Staten aukar pengeoverføringar til lokalsamfunn med friskular. Kommunen blir trekt med 91 300 kroner for kvar elev som går på friskule, (tal frå 2017). Ein friskule mottek 138 890 kroner i tilskot pr. elev frå staten, (tal frå 2017). Det vil seie 47 590 friske og nye kroner for kvar elev direkte til skulen. Det er ein bra ting for samfunnsrekneskapen i kommunen og det blir det veldig mykje skule av.
Ein friskule får 85 prosent av det ein kommune får til skuledrift. Ein kommune kan bruke statstilskotet til det dei vil, og som vi veit, brukar mange så lite som råd til skuledrift. Ein friskule må bruke heile tilskotet til skulen. Altså blir differansen oftast endå meir enn 47 590 kroner pr. elev.
Kommunen beheld 20 prosent av tilskotet for elevar som startar på friskule for å kompensere for reduserte stordriftsfordelar. For å gi kommunen tid til å omorganisere, beheld dei dessutan fullt tilskot for desse elevane i 1,5 år etter at dei har slutta.
Kommunar er ofte negative til friskular fordi dei fyrst og fremst er redde for inntektssvikt. Friskulen tek ikkje kommunen sine pengar. Staten overfører objektivt pengar til den eller dei som driv skule.
På Valdres montessoriskule er det rundt 14 tilsette. Dette er altså ein statsfinansiert arbeidsplass som gir skattekroner til kommunen/kommunane.
Kommunen kan i tillegg nyte godt av vesentlege kostnadsreduksjonar gjennom mindre behov for å investere i nye, kostbare skule- eller barnehagebygg.
Mange kommunar sel tidlegare kommunale skulebygg til friskulen for ein billeg penge, dvs. gratis. Ulnes-bygda har jo dessutan arbeidd på dugnad for 1 million kroner på det bygget, i 1994/95, så dei har vel betalt nok. Kommunen blir kvitt bygningsmasse og utgifter til vedlikehald og drift. Skuleanlegget får eigarar som har tilhøyrigheit til bygget, som tek ansvar og vil drifte og ta vare på anlegget til beste for elevar, tilsette og samfunn.
Gaute (29) flyttet tilbake til Valdres med familien og bosatte seg i bygda, nå reagerer han, kona og flere andre: – Blir helt feil
Friskular står sentralt i å løyse to viktige samfunnsoppgåver. For det fyrste varetek dei retten for elevar og foreldre til å kunne velje ein alternativ skule. Det må vera eit pluss og eit flott supplement for ein kommune å kunne tilby det. For det andre bidreg friskular med mange nyskapande og innovative opplegg og metodar. Det kan igjen stimulere og inspirere andre skular til å utvikle læringsmiljø av stadig betre kvalitet til beste for barn og ungdom. Omsynet til barna tilseier at kommunen bør sikre eit mangfald i barnehagesektoren også. Å kunne velja mellom fleire pedagogiske retningar, er eit omsyn av betydeleg vekt og vil gjera kommunen meir attraktiv og ein betre plass å vekse opp.
Eg tek opp att at dette har eg skrive kun på eigne vegne, eg er ingen formell talsperson for Valdres montessoriskule. Eg vil berre at folk skal vite kva dei har å velje mellom og kva dei i tilfelle vel vekk. Og at det går å ha både barnehage og skule!
Bygda starta i si tid Ulnes barnehage. Det er lagt ned mange dugnadstimar gjennom åra, spesielt på det bygget der barnehagen var før. Ein barnehage er ein møteplass for bygdefolk og skapar samhald og tilhørigheit. Ikkje minst slepp småbarna lange reisevegar. Ulnes ha ein barnehage, også i framtida!