Gå til sidens hovedinnhold

Omikrontilfeller stadfesta i nok ein Valdres-kommune

Øystre Slidre kommune kan torsdag formiddag stadfeste at koronasmitta i kommunen har omikronvarianten av viruset.

ØYSTRE SLIDRE: «Kommunelege Arild Jacobsen opplyser at sekvensering av mistenkte omikrontilfelle i Øystre Slidre no har stadfesta at det var omikronvarianten i tre prøver i Øystre Slidre. To av desse har tidlegare vore meldt som mistenkte omikrontilfelle».

Les også

Mistanke om omikron også i Øystre Slidre

Dette melder kommunen sjølv på sine heimesider.

«I alle tilfella har dei smitta vore i isolasjon, og kjente nærkontaktar har vore sett i karantene i samsvar med gjeldande nasjonale reglar», heiter det vidare i oppdateringa.

Les også

Søker armer til vaksinering

I løpet av dei siste to døgera har det elles ikkje vorte meldt om positive PCR-testar i Øystre Slidre.

Kommentarer til denne saken