Dette skriv eg etter minnet og har ikkje funne fram til dokumentasjon på noko. Rett meg om det er feil, om de veit noko.

Nord-Aurdal kommune fekk tilskot frå staten/Husbanken til å bygge omsorgsbustad i Ulnes. Desse prosjektmidlane var det bindingstid på og kommunen måtte drive bustaden etter intensjonane i minst 20 år, noko som skulle bli ut 2024. Bustaden var i drift til og med 2019, det betyr at kommunen har drive fem år for kort. Korleis går det an utan konsekvensar? Hadde vore fint å få tilbakemelding på det.

Ein omsorgsbustad er for folk som treng meir hjelp og pleie enn heimesjukepleia kan tilby, men som er friske nok til å ikkje trenge fulltidspleie. I Ulnes vart bustaden aldri døgnbemanna, slik den er i Skrautvål. I Skrautvål er bustaden full, blant anna av folk frå Ulnes. Så seier kommunen at bustaden i Ulnes ikkje er nødvendig fordi det ikkje er søkarar dit. Mangel på søkarar er pga. mangel på bemanning! Set bustaden i drift på same måte som i Skrautvål, så vil det nok bli leigetakarar.

Helselaget i Ulnes gav mykje pengar til omsorgsbustaden, nemleg 250 000 kroner. I tillegg arbeidde dei på dugnad, f eks med å sy alle gardinene. Bygdekvinnelaget og andre frivillige støtta bustaden i årevis med arbeid og mat og sosiale samankomstar. Skulen og barnehagen gjekk på besøk. Bebuarane i bustaden vart hugsa på og fekk delta i bygdelivet. Det var lett for familie og venner å stikke innom og sjå til sine, ettersom dei var i bygda. Alt dette er borte og kommunen er ansvarleg for det.

Ulnes har lagt pengar i den kommunale potten og sit att med ingenting. Dette gjaldt skulen og det gjeld omsorgsbustaden. Er det lov å ta imot gåver og hjelp, men så legge ned det pengane har gått til? Det er jo å lure folk, for ikkje å seie svindle til seg midlar på falsk grunnlag. Ein kunne vera frista til å be kommunen betale tilbake det dei har fått. Kommunen seier det ikkje er mogleg å skaffe personale til omsorgsbustaden. Kvifor råkar denne totale personalmangelen berre Ulnes? Der det er vilje, er det veg. Det er nok vilja det skortar på.

Det blir fleire og feire eldre i kommunen. Kvar skal dei gjera av seg? Eg har hatt både mor og tante i omsorgsbustaden i Ulnes. Dei likte seg, men kjente seg utrygge om natta. Mor mi måtte ligge mange timar på golvet med brekt lårhals før det kom folk om morgonen. Det er omsorga folk i Ulnes har fått. No er det ein stengt bustad heilt utan omsorg i det heile. Det er trist og det er ei skam, ei kommunal skam.

Eg har sendt spørsmål til Husbanken når det gjeld tilskot og bindingstid. Det blir spanande å få svar.