Gå til sidens hovedinnhold

Onsdag fekk Vestre Slidre endå to nye smittetilfelle med koronavirus og er oppe i 16 stykkje. No ber dei folk passe på

Onsdag kom det endå to nye tilfelle med koronasmitte i Vestre Slidre og talet på smitta er no 16 stykkje på dei siste to vekene.

Slidre: – Eg kan bekrefte at det er eit nytt smittetilfelle onsdag, men det er kjend smitteveg og det får ingen ytterlegare konsekvensar, sa ordførar Haldor Ødegård til avisa Valdres på ettermiddagen onsdag.

Seinare vart det bekrefta endå eit tilfelle av koronaviruset. Talet er dermed 16 smitta den siste tida.

To bekrefta

Det er onsdag bekrefta to nye tilfelle av covid-19 i Vestre Slidre kommune. Smittevegen er kjent og personane er sett i isolasjon, skriv Vestre Slidre kommune på sine heimesider.

Det er kopling til det pågåande utbrotet.

«Nærkontaktar er testa onsdag og nokre fleire er sett i ventekarantene. Vi har også testa 23 russ i forbindelse med at heile russekullet vart sett i ventekarantene i går», skriv kommunen vidare.

På skulen måndag

«Vi har fått svar på testar frå skulen, dette fører til at 4.–7. klasse også kan koma tilbake til skulen frå måndag 26. april. Det blir framleis heimeundervisning for 8.- 10. klasse, ut veke 17. Skulen er på raudt nivå, og det vil bli gjort ny vurdering i slutten av veke 17», legg kommunen til.

Kommunen oppfordrar alle til å hjelpe

Vestre Slidre kommune oppfordrar til:

  • Halde avstand.
  • Ha færrast moglege kontaktar på ei veke.
  • Hugse på at det er påbod om munnbind om ein til dømes sit på med andre enn husstanden i bil.

Les også

To nye smittetilfelle i Vestre Slidre – kjend smitteveg og har allereie sete i karantene

Les også

– Det er ein krevjande situasjon for oss. Mange begynner å bli slitne nå

Les også

De tilsette har testa negativt – nå er de klare for gjenopning

Les også

Enda eit nytt smittetilfelle i Vestre Slidre – kommunen kjem med påminning

Kommentarer til denne saken