VANG: Avisa Valdres sin debattserie «Hytteparadokset» sette i gong diskusjonar om dei ulike sidene ved hyttebygging i Valdres. Også nasjonalt har det blitt mykje fokus på temaet.
Onsdag kveld kl. 19.00 blir det informasjon og debatt på Vang folkebibliotek.

Tidenes avtale er landa på Filefjell
Viktige spørsmål
Det som er tema er følgjande:
- Er hyttetomter ein utømmeleg ressurs – korleis ser vi på arealbruk og næringsutvikling i eit langsiktig perspektiv?
- Kva må vi ta med oss i planlegginga av framtidas hyttebygging?
Fredensborg Fritid presenterer sine tankar om utviklinga på Filefjell. Det blir også samtaler med grunneigar Torstein Grøv, koordinator i Forum for natur og friluft Innlandet Morten Aas. Deretter er det dei lokale politikarane som rundar av kvelden med ein paneldebatt.
Det er Hilde Lysengen Havro, ansvarleg redaktør i Avisa Valdres, som leiar samtalene og debatten.
Fredensborg Fritid: Avtalen omfattar sal av omkring 49.000 dekar areal i Tyinkrysset-området som i all hovudsak er organisert gjennom forskjellige sameiger. Arealet er langt på veg det same som Masterplanen som Ecosign utarbeidde for området i 2011, var omfatta av. I dagens kommunedelplan er det tilrettelagt for 1600 mål med hytter, leilegheiter og varme senger, i tillegg til aktivitetsinfrastruktur, arealplanar og areal til restaurantar og næringsdrivande.

– Vi fryktar dei ikkje

Ein ny vår for Filefjell

Kan bli gigantutbygging

– Dette er folk med kunnskap
Fjellstogo ein del av handelen
