Onsdag og torsdag på Tingvang: Invitasjon til framtidsverkstad for kommunesentra Heggenes og Tingvang

Samling: Onsdag kveld var det fyrste møtet. Torsdag held dei fram med arbeidet. Det er ope for alle i Øystre Slidre kommune. Ein eigen artikkel kjem om framtidsverkstaden.

Samling: Onsdag kveld var det fyrste møtet. Torsdag held dei fram med arbeidet. Det er ope for alle i Øystre Slidre kommune. Ein eigen artikkel kjem om framtidsverkstaden. Foto:

Korleis skal Heggenes og Tingvang vera i framtida? Onsdag og torsdag kveld inviterer Øystre Slidre kommune til framtidsverkstad for utvikling av kommunesenteret i Øystre Slidre.

DEL

Tingvang: Norconsult har fått i oppdrag å lage ei moglegheitsstudie for Heggenes og Tingvang. Arbeidet er så smått i gang.

Heggenes og Tingvang

Øystre Slidre kommune skriv at "ei moglegheitsstudie er ei utgreiing som får fram nye idear og skildrar potensial for eit område. Målet med denne studien er å få vurdert potensialet for utvikling i Heggenes og Tingvang og få fram konkrete tiltak for betra funksjon og trivsel".

Kommunen ynskte å nytte spisskompetanse på området og sende ut tilbodsinnhenting til nokre firma i november 2019. Norconsult gav det beste tilbodet og fekk oppdraget.

Treng innspel

– Vi håpar det er mange som møter opp på dei opne møta og bidreg til noko som kan gje konkrete resultat og kan bli viktig i økonomiplanar og kommuneplanar i mange år framover, opplyser kommunen.

Les meir om planane her.

Møta skjer på kantina på ØSUS på Tingvang onsdag 12. februar kl. 18:30-21:30 og torsdag 13. februar kl. 18:00-21:00.

– Øystre Slidre kommune går godt

"Folketalet aukar og aktiviteten er god. Heggenes og Tingvang har det meste: Mange arbeidsplassar, helsetenester, idrettsanlegg, ungdomshus, bibliotek, kulturhendingar, butikkar og verkstader, gang- og sykkelveg, flott natur og flotte nær-turområde, sandstrand og stupetårn", skriv kommunen på sine heimesider.

Snart kjem også eit flunkande nytt omsorgssenter midt i sentrum.

– Forgubbing og stagnasjon?

"Likevel ser vi at kommunesenteret ikkje har fått sin del av veksten men tvert imot er litt prega av «forgubbing» og stagnasjon." Kommunen har difor teke initiativ til ei moglegheitsstudie for Heggenes og Tingvang og har engasjert Norconsult som har brei erfaring med liknande prosjekt."

"Vi i kommuneadministrasjonen og politikarane har tankar om utfordringane og potensialet, men vi veit ikkje kva idear og tankar innbyggjarane elles, grunneigarane og næringslivet har. Difor blir opne møte viktige i prosessen og difor er du invitert til framtidsverkstad", skriv kommunen.

Artikkeltags