TINGVANG: Kommunestyrekomiteen for opplæring og kultur i Øystre Slidre kunne måndag 22. august gje klarsignal til å sende kommunen sin fyrste oppvekstplan ut på høyring.

Det fortel kommunalsjef Kjersti Hedalen.

Eit viktig arbeid

Tidlegare har tiltak retta mot barn og unge vore delar av ulike planar i kommunen.

No er det gjort eit arbeid på tvers av tenestene i kommunen med å lage ein temaplan retta mot barn og unge.

Kommunestyrekomiteen har vore styringsgruppe for planprosessen.

– Det har vore ein brei prosess der foreldre har fått kome med innspel via ei spørjeundersøking, barn og unge er spurt i barnehagane, og i skulen har elevane svart på ulike undersøkingar som ligg i skulens årshjul. Svara frå innbyggjarane våre har vore viktige i arbeidet for å sette mål og tiltak for framtida. I tillegg har idrettslag, SU, FAU og fagorganisasjonar hatt moglegheita til å kome med innspel til planen tidlegare i prosessen, fortel Hedalen.

Engasjement og kvalitet

Planen omfattar korleis kommunen skal støtte foreldre via bygging av foreldrekompetanse, barn og unge sitt kultur og fritidstilbod, barnehage- og skuletilbod, fysisk og psykisk helse og dessutan korleis tenestene skal jobbe med tverrfagleg samhandling.

– Kommunestyrekomiteen vil også vektleggje det gode engasjementet og kvaliteten i det arbeidet som nedlagt frå administrasjonen og alle andre som har bidrege inn i denne prosessen. No håpar vi lag, foreiningar og innbyggjarane les planen og sender inn innspel til planen dersom dei ynskjer det, seier Bjarne Budal, leiar i kommunestyrekomiteen.

Planen med tilhøyrande handlingsdel ligg på kommunen si heimeside.

Innspel senast inn via e-post til post@oystre-slidre.kommune.no eller i post til Øystre Slidre kommune.