Gå til sidens hovedinnhold

«Osteløypa» kjem i sumar

Artikkelen er over 4 år gammel

I Frankrike kan ein følgje ruter mellom vingardane, og i Skottland har dei eigne whisky-ruter. Sogn, Hallingdal og Valdres får denne sumaren ei osteløype – frå ysteri til ysteri.

VALDRES: At det her i landet kjem til å heite løype og ikkje rute, har naturleg nok å gjera med at det også er løype som blir brukt for å få skilt osten frå mjølka.

Kathrin Aslaksby i Øystre Slidre er både leiar for «Osteløype»-prosjektet og ho er sekretær i Norsk Gardsost, som er interesseorganisasjonen for dei små osteprodusentane.

Startar her, landet er målet

– Me arbeider for å få på plass eit søkbart kart, der dei som er med i «Osteløypa» er synlege, og der ein kan klikke på dei og få fram opplysningar om opningstider og kvar produkta deira er å få fatt i (www.osteloypa.no).

Kathrin Aslaksby seier dette er ei ny ordning som er open for medlemmene av Norsk Gardsost, og det blir iverksett for å få meir fram i lyset både dei unike produkta våre og produsentane.

– Me dreg dette tiltaket i gang med ei lansering 2. juli, og me startar altså med rundt 15 ysteri Sogn, Hallingdal og Valdres. Men målet er at dette skal bli ei søkbar ordning etter kvart for heile landet, der me har over 100 ystande medlemsbedrifter.

Flest opne om sumaren

Aslaksby fortel at det vil vera flest stader å besøkje i sumarhalvåret, fordi det då også finst ein del opne stølar med ysting, som kan ta imot besøkjande. Ysteria med heilårsdrift vil kunne ta imot heile året.

Kathrin Aslaksby fortel at ein på nettsida både vil finne opplysningar om opningstidene til dei enkelte deltakarane, men også kor produkta deira er å få kjøpt.

– Så sjølv om sesongen til ein del av bedriftene i Osteløypa er kort, så vil ein også finne opplysningar om kvar ein kan finne produkta deira for sal.

Ei arbeidsgruppe samansett av Jarle Rueslåtten i Hallingdal, Anne Karin Hatling i Sogn og Kathrin Aslaksby i Valdres står bak prosjektet.

Sju valdresbedrifter

Frå Valdres blir følgjande bedrifter med: Strandmo stølsysteri/gardsmat, Sparstadstølen, Vikabråten, Olestølen mikroysteri, Solheim ost, Beito ysteri, Dølahushaugen – pluss Baggerudsetra gardesysteri så vidt inne i Nordre Land.

Frå Hallingdal blir desse med: Rueslåtten ysteri, Prestholt geitost/Hol ysteri, Jakobsplass, Grøtestølen og Himmelspannet.

Og frå Sogn: Undredal stølsysteri, Skjerdal stølsysteri, Sogn jord- og hagebruksskule og Rallarrosa stølsysteri.

Aslaksby seier nye kan koma til etter kvart som dei sjølve ynskjer. Poenget er å få etablert ein mal for opplegget og ein nettportal. Dette hjelper Kreativ Strek og Monika Nilsen til med.

Osteløypa

  • Frå 2. juli ei opplevingsrute med rundt 15 ysteribedrifter i Sogn, Hallingdal og Valdres.
  • Alle osteprodusentane er medlemmer i Norsk Gardsost.
  • Dei vil vera søkbare i eit digitalt kart.
  • Målet er å utvide ordninga til heile landet.
  • Prosjektet blir leia av Kathrin Aslaksby i Øystre Slidre.

 

Kommentarer til denne saken