Ti-års jubileum for Førjulsmarknaden i Øye

Helga 23. og 24. november er det tradisjon tru duka for Førjulsmarknad i Øye i Vang i Valdres, og marknadsvertane Elisabeth Sparstad og ordførar Vidar Eltun ynskjer deg velkomen.

Helga 23. og 24. november er det tradisjon tru duka for Førjulsmarknad i Øye i Vang i Valdres, og marknadsvertane Elisabeth Sparstad og ordførar Vidar Eltun ynskjer deg velkomen. Foto:

Helga 23. og 24. november er det tradisjon tru duka for Førjulsmarknad i Øye i Vang i Valdres, og marknadsvertane Elisabeth Sparstad og ordførar Vidar Eltun ynskjer deg velkomen.

DEL

VANG: Dette er det tiende året det vert arrangert Førjulsmarknad på tidlegare Øye skule. Som alltid vil det vera noko for kvar ein smak på denne marknaden, alt frå lefsekling, heimestrikka vottar, lokale bøker, tradisjonsmat og syltetøy, til tilbod om julefotografering av barn eller familien i fine julekulissar.

Førjulsmarknaden i Øye går over 2 dagar både laurdag og sundag og vil huse mellom 25 og 30 utstillarar der dei fleste er frå Vang. Som eit besøk sa når han kom innom ein stand i fjor:

– No forstår eg kvifor eg ser så lite folk ute i Vang på kvelden, dei nyttar tida til å produsere mykje fint til Førjulsmarknaden her.

Årets gjesteutstillar dette året er Anders Lundberg som har skrive Filefjellboka. Han har og med seg mange flotte bilder frå Vang som er å få kjøpt.

I samband med Førjulsmarknaden i Øye er det syndagen messe i Øye kyrkje klokka 11.00, før dørene til marknaden opnar. Det er også gode tilbod på middag på Mjøsvang kafe denne helga. Du kan og kjøpe deg ein kaffekopp og gode lappar og seta deg ned i kafeen og skravle lenge og vel. I år er det Laget for funksjonshemma som står for kafedrifta denne helga.

Artikkeltags