Tingvang: I eit brev som er sendt til hyt­te­ei­ga­ra­ne, men også er lagt ut på kom­mu­nen si hei­me­side, så skriv ord­fø­rar Odd Erik Hol­den, smittevernlege Arild Jacobsen, Bjar­ne Bu­dal i Bei­to­stø­len Ut­vik­ling og Pet­ter A. Knutsen for hyt­te­laga følg­jan­de:

Opp­he­ving av hytteforbudet 20. april

«Kommunen visar til koronaforskriften, der det står: «Forbud mot opphold på fritidseiendom i annan kom­mu­ne enn hjemstedskommunen. Personer som har fritidseiendom i annan kom­mu­ne enn der vedkommende er folke­re­gist­rert, forbys å ta opphold på den­ne. Strengt nød­ven­dig vedlikehold el­ler til­syn som er nød­ven­dig for å avverge sto­re ma­te­ri­el­le ska­der tillates.»

Det­te for­bo­det vert opp­he­va frå 20. april. Sam­ti­dig står opp­mo­din­ga frå re­gje­rin­ga om å unn­gå unød­ven­di­ge fri­tids­rei­ser fram­leis ved lag.

– Unngå unød­ven­di­ge fri­tids­rei­ser

«I Øyst­re Slidre har det vore eit godt sa­mar­beid mel­lom næ­rin­ga, hytteeigarane gjen­nom hyt­te-vel­la­ga og kom­mu­nen, sidan na­sjo­na­le ved­tak som re­gu­le­rer bru­ken av hyt­ter kom. Vi ønskjer å hal­de fram det­te gode sa­mar­bei­det også et­ter at hyt­te­for­bo­det vert opp­he­va.

Vi vil bed alle om å ret­te seg et­ter na­sjo­na­le sty­res­mak­ter si opp­mo­ding om å unn­gå unød­ven­di­ge fri­tids­rei­ser. Det­te er ein del av den fel­les dug­na­den for å re­du­se­re om­fan­get av smit­te­sprei­in­ga og for å bi­dra til at hel­se­te­nes­te­ne i hyttekommunar ik­kje vert for sterkt be­las­ta.»

Gode råd

«Vi ber alle som et­ter 20. april gjen­nom­fø­rer fri­tids­rei­se til fri­tids­bu­sta­den sin i Øyst­re Slidre om å følg­je dei na­sjo­na­le reg­la­ne og råda mot smit­te­sprei­ing. Når du er på hyt­ta vil du bi­dra til dug­na­den mot smit­te­sprei­ing der­som du:

  • Følg­jer alle reg­la­ne om god hand­hy­gi­e­ne og hoste-reg­la­ne.
  • Ber­re er i lag med dine næ­ras­te i fri­tids­bu­sta­den el­ler på tur, med god av­stand til andre. Hugs at det ik­kje er lov med sam­lin­gar med meir enn 5 per­so­nar.
  • Treng du in­nom bu­tikk for å hand­le, reis ein frå kvar fa­mi­lie, gjer all hand­ling unna på ein hand­le­tur, held god av­stand til andre i bu­tik­ken og nytt dei hygienetilta­ka som bu­tik­ken har lagd til ret­te for. Prøv å legg hand­ling ut­over da­gen, slik at ik­kje alle kjem i bu­tik­ka­ne på likt.
  • Er du i ferd med å bli sjuk, reis til­ba­ke i ei­gen bil til bu­stad­kom­mu­nen. Kom­mu­nen har ik­kje ka­pa­si­tet til tes­ting, el­ler opp­føl­ging av mog­leg smit­ta per­so­nar, som ik­kje er fast­bu­an­de.»

Skiheisen opnast ikkje

«Verk­sem­der i kom­mu­nen som driv med ser­ve­ring vil pas­se på at ser­ve­ring av mat skjer in­nan­for dei na­sjo­na­le reg­la­ne for mat­ser­ve­ring. Selskapet som driv ski­hei­sa­ne på Bei­to­stø­len og i Rau­da­len har bes­temt seg for ik­kje å opne ski­hei­sen på den­ne sida av som­ma­ren.

Re­gje­rin­ga vil følg­je ut­vik­lin­ga av smit­te­si­tua­sjo­nen og har vars­la ei ny vur­de­ring av na­sjo­nalt re­gel­verk i byr­jin­ga av mai. Opp­da­tert in­for­ma­sjon om det­te vil du fin­ne på helse.no og på nett­si­da til kom­mu­nen.

Vi ser alle fram til den da­gen då alle fritt kan nyte den flot­te na­tu­ren, og dei man­ge til­bo­de Bei­to­stø­len og Øyst­re Slidre kan by på.»